DS «Hector» (kallesignal MBQJ) var eit dampskip bygt i 1903 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab ved William Dobson & Co. i Newcastle i Storbritannia. Skipet vart levert i juli 1903.

Historie

Skipet gjekk i fart på Nordsjøen og var på reise frå Bergen til Hull med saltsild då det vart torpedert og søkkt den 23. mai 1917 under første verdskrigen av den tyske ubåten «U88» kring 110 nautiske mil frå kysten av Skottland, aust for Edinburgh. Fartøyet vart stogga av ubåten då det vart skoten på, og mannskapet gjekk i livbåtane. Skipet vart så torpedert. Ubåten forlangte så å få skipsdokumenta før han forsvann. Den eine livbåten vart plukka opp av ein britisk jagar etter 55 timar, medan den andre nådde inn til Craster Castle etter 63 timar.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 146 bruttoregistertonn og 695 nettoregistertonn og lasteevna var 1 445 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 133 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av John Dickison & Sons i Sunderland. Oppgjeven yting var 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 133 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved William Dobson & Co Kategori:Skip frå 1903 Kategori:Krigsforlis i 1917 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar