thumb| Solum prestegard ligg sørvest for Solum kyrkje, på den andre sida av Klovholtvegen. Tre bygningar på prestegardstunet er freda: hovudbygningen, forpaktarbustaden og eit lysthus.
Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel og valmtak. Bygningen vart oppført i 1715, men vart bygd om fleire gonger på 1800-talet og har sin noverande utsjånad frå 1842. Forpaktarbustaden er ifylgje Opplysningsvesenets fond frå 1800-talet, medan alderen til lysthuset synast å vere ukjend. Hovudbygningen og forpaktarbustaden vart måla sommaren 2018.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Solum prestegard» frå , den 7. september 2019.
Opplysningsvesenets fond: Solum prestebolig
Bakgrunnsstoff
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Skien Kategori:Byggverk i Skien Kategori:Gardar i Telemark Kategori:Freda bygg i Telemark