James Beckford () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Saint Mary Parish på Jamaica. Han vann to VM-sølv og eitt OL-sølv i lengdehopp i tida 1995-2003.

Aktiv Den 20. mai 1995 i Odessa i den US-amerikanske delstaten Texas landa Beckford på 17,92 m, etter eit tresteghopp under gunstige vindtilhøve som berre mangla 6 cm på å tangere verdsrekorden i øvinga. Tidleg i august debuterte han i verdsmeisterskap med å verte sjettemann i tresteghopp då meisterskapen 1995 fann stad i Göteborg, over meteren bak Jonathan Edwards frå Storbritannia, som her sette ein verdsrekord som framleis gjeld i 2019. Om enn Beckford var ein framifrå tresteghoppar, deltok han ikkje i den øvinga i seinare meisterskapstevlingar. Fem dagar etter trestegtevlinga i VM, kneip Beckford sølvmedaljen i lengdehopp, centimeteren føre verdsrekordhaldaren Mike Powell frå USA.

Under Sommar-OL 1996 i Atlanta vann Beckford ein ny sølvmedalje i lengdehopp, og nett som i Göteborg-VM hadde ingen å stille opp mot gullmedaljøren. Den 5. april 1997 presterte han sitt livs lengste godkjende lengdehopp då han fekk målt 8,62 meter ved eit stemne i Orlando i Florida i USA.

Sidan heldt ikkje Beckford eit like høgt toppnivå. Han lukkast likevel vinne sølvmedaljen i VM 2003. Året etter presterte han årsbeste med 8,31 m ved OL i Aten, ein centimeter for kort til å vinne medalje.

Doping I 1997 vart Beckford utestengd i tre månader frå tevlingar etter å ha testa positivt på det forbodne stoffet efedrin.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje i lengdehopp – 8,30 m, bakom Iván Pedroso (8,70 m). Nr 6 i tresteghopp - 17,13 m OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje i lengdehopp – 8,29 m, bakom Carl Lewis (8,50 m) VM 1997 i Aten: Nr 4 i lengdehopp – 8,14 m OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (7,98 m=nr 14) VM 2001 i Edmonton: Nr 7 i lengdehopp – 8,08 m VM 2003 i Paris: Sølvmedalje i lengdehopp – 8,28 m, bakom Dwight Phillips (8,32 m) OL 2004 i Aten: Nr 4 i lengdehopp – 8,31 m VM 2005 i Helsinki: Nr 9 i lengdehopp – 8,02 m VM 2007 i Osaka: Nr 6 i lengdehopp – 8,17 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «James Beckford» frå , den 8. september 2019.

World Athletics

Kategori:Jamaicanske tresteghopparar Kategori:Jamaicanske lengdehopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004