Reijo Untamo Vähälä () var ein finsk matematikar og høgdehoppar frå Alajärvi. Han vann sølvmedaljen i høgdehopp ved EM i friidrett 1969 i Aten.

Aktiv Vähälä vart finsk meister i høgdehopp 1996 med eit hopp på 2,04 meter. To år seinare forbetra han den finske høgderekorden med ein centimeter til 2,13 m. I den finske meisterskapen 1969 måtte han nøye seg med tredjeplass i høgdetevlinga. Under europameisterskapen i Aten i september 1969 forbetra han i finalen den nasjonale rekorden til 2.14 m, før han overraskande også svinga seg over den neste høgda 2,17 m. Ingen av dei tre utøvarane som klarte 2,17 m, tok seg over neste høgde, dermed hadde Vähälä vunne den mest uventa medaljen i finsk friidrett etter 2. verdskrigen.

I 1970 vann Vähälä med 2,12 m den finske meisterskapen i høgdehopp for andre gong. Ved EM i friidrett 1971 på finsk heimebane rauk han ut or tevlinga med 2,08 m i kvalifiseringa, 17 utøvarar klarte kvalifiseringshøgda på 2,12 m.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Reijo Vähälä» frå , den 10. september 2019. Denne artikkelen bygger på «Reijo Vähälä» frå , den 10. september 2019. World Athletics

Kategori:Finske høgdehopparar