Margot Wallström () er ein svensk og europeisk sosialdemokratisk politikar. Frå 3. oktober 2014 til 10. september 2019 var ho utanriksminister i Stefan Löfvens første regjering og Stefan Löfvens andre regjering. Den 6. september 2019 vart det offentleggjort at Wallström, etter eige ønske, ville avgå som utanriksminister. Grunngivinga hennar var at ho ønsket meir tid til familien.

Sverige vart, under Wallströms tid som utanriksminister, det første landet i verda til å utforma og føra ein feministisk utanrikspolitikk. Ho fekk utarbeidd Handbok i feministisk utanrikspolitikk, som blant anna inneheld metodar og erfaringar, og skal vera ein ressurs for det internasjonale arbeidet for likestilling og menneskerettar for alle kvinner og jenter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Margot Wallström» frå , den 11. september 2019. </div>

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svenske politikarar