Dieter Fromm () er ein tysk tidlegare mellomdistanseløpar frå Bad Langensalza i Thüringen som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister på 800 meter i 1969 og nummer to på same distansen i EM 1971.

Aktiv Fromm stega inn i verdseliten på 800 meter då han 14. juli 1968 vann distansen under landskampen Sovjetunionen – Polen – Aust-Tyskland i Leningrad, tida 1.46,1 var den tredje beste i verda i OL-sesongen føre sommarleikane i Mexico-byen. Etter å ha vorte sjettemann i Sommar-OL 1968, sprang han i Friidretts-EM 1969 inn til gullmedalje på personbeste 1.45,9.

I 1970-sesongen fekk Fromm notert 1.47,0 i sitt beste 800-meterløp. Under europameisterskapen 1971 i Helsinki viste han atter evna til å ta ut sitt beste i dei største tevlingane. Sluttida 1.46,0 var årsbeste og sikra han sølvmedaljen, tidelen bakom Jevgenij Arzjanov frå Sovjetunionen.

Den 14. juni 1972 sletta Fromm den austtyske 800-rekorden til Manfred Matuschewski. Ved eit stemne i Aust-Berlin vart han klokka inn på 1.45,4, ei tid han sjølv tangerte i landskampen mot Frankrike nokre veker seinare. I september kvalifiserte han seg til OL-finalen i München, i finalen gav han opp og vart sist i feltet. To år seinare vart nummer sju og nest sist i EM-finalen i Roma.

Sommaren 1976 kvalifiserte Fromm seg til Sommar-OL 1976 på 1500 meter, etter eit løp på 3.39,9. To veker før sommarleikane tok til i Montreal, fekk han skadd ei akhilles-sinje då ein annan løpar trakka på foten hans. Han la deretter opp.

Fromm var austtysk meister på 800 meter i 1968, 1971, 1972 og 1975. I 1968 var han dobbelmeister med di han han også sigra på 1500 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1968 i Mexico-byen: Nr 6 – 1.46,2. Utslått i 4 x 400 m stafett (3.07,0=nr 12) EM 1969 i Aten: Gullmedalje – 1.45,9, framom Jozef Plachý (1.46,2) EM 1971 i Helsinki: Sølvmedalje – 1.46,0, bakom Jevgenij Arzjanov (1.45,9) OL 1972 i München: Nr 8 – 1.48,0 EM 1974 i Roma: Nr 7 – 1.46,29

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dieter Fromm» frå , den 13. september 2019.

World Athletics

Kategori:Tyske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972