Piotr Lisek () er ein polsk friidrettsutøvar frå Duszniki som tevlar i stavhopp. Han vann sølvmedaljen i VM 2017 og tok bronse i VM 2015 så vel som i VM 2019. Lisek er polsk rekordhaldar i øvinga med 6,02 meter.
Aktiv Doping Lisek testa ved den polske friidretts-meisterskapen i juni 2012 positivt på metylheksanamin og vart utestengd frå idrett i seks månader.
Meisterskap og rekordar Lisek vart sjettemann i europameisterskapen 2014 med 5,65 meter. Året etter tok han han seg over 5,80 m i fyrste forsøk då VM fann stad i Beijing, det same gjorde landsmannen Paweł Wojciechowski og franske Renaud Lavillenie, alle tre fekk ein bronsemedalje. I 2016 enda Lisek på fjerdeplass både i europameisterskapen og i sommarleikane.
Ved verdsmeisterskapen 2017 i London gjorde Lisek personbeste med 5,89 m og kneip sølvmedaljen framom Reynaud Lavillenie, verdsmeister vart Sam Kendricks frå USA med 5,95 m. Den 1. august 2018 sette Lisek i Wittenberg polsk rekord med 5,94 meter. I juli 2019 forbetra han rekorden til 6,01 m ved DL-stemnet i Lausanne. Berre få dagar seinare, den 12. juli, svinga han seg over 6,02 meter då han sigra ved DL-stemnet i Monaco.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2014 i Zürich: Nr 6 – 5,65 m VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 5,80 m EM 2016 i Amsterdam: Nr 4 – 5,50 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 5,75 m VM 2017 i London: Sølvmedalje – 5,89 m, bakom Sam Kendricks (5,95 m) EM 2018 i Berlin: Nr 4 – 5,90 m VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 5,87 m OL i 2021 i Tokyo: Nr 6 – 5,80 m VM 2022 i Eugene: Utslått i kvalifiseringa (5,50 m=nr 19) EM 2022 i München: Utslått i kvalifiseringa (5,50 m=nr 15) VM 2023 i Budapest: Nr 9 – 5,75 m EM 2024 i Roma: Nr 6 – 5,75 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piotr Lisek» frå , den 24. september 2019.
World Athletics
Kategori:Polske stavhopparar Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024