mini|Eigerøy fyr i Rogaland Eit fyr er eit sjømerke med lys til å rettleie navigasjon på havet. Fyra sender ut lys frå eit system av lamper og linser. Saman med andre innretningar som gjev synlege og elektroniske signal utgjer fyra eit system til å rettleie trafikken til havs og langs kysten. Det finst felles internasjonale merkesystem som dei maritime nasjonane følgjer.
I dag er totalt 107 anlegg definert som fyrstasjonar i Noreg. Ansvar for fyrlys og seglmerke i Noreg ligg hos Kystdirektoratet.
Ulike fyr har forskjellige funksjonar Det finst ulike typar fyr og mindre fyrlykter. Tidlegare var forskjellen på eit fyr og ei fyrlykt at det var folk til stades på fyra, medan det ikkje var det på fyrlyktene. Automatisering av fyr har gjort at skiljet mellom fyr og fyrlykter er mindre tydeleg enn tidlegare. Dei ulike typar av fyr har forskjellige funksjonar:
Kystfyra ligg ytst mot havet og er første landkjenning for skip som nærmar seg kysten. Dei har ofte høgare fyrtårn og er plasserte på holmar, øyar eller nes. Kystfyra har kraftig lys fordi dei skal vere godt synlege på lange distansar. Innseglingsfyra leier skipstrafikken trygt inn mot land. Leifyra er mindre fyr som viser leia i indre kystfarvatn, mellom holmar og skjer, og ved innsegling til tronge sund. Dei sender ut lyssignal med eit visst mellomrom og i visse retningar eller sektorar. Desse blir derfor også kalla for sektorfyr. Hamnefyra hjelper skipa inn til hamn. Fiskefyr blei brukte under sesongfisket frå ca. 1850. Fyrskip er fyrlykter som er plasserte på permanent oppankra fartøy der det er lite eigna å byggje faste fyr. Fyrskip har hatt lite utbreiing i Noreg.
Fyrhistorie mini|Fyrtårnet på Faros ved Alexandria på ein romersk mynt.
Fyr har blitt brukt som seglmerke heilt sidan oldtida. Dei tidlegaste fyra var bålfyr, og dei første ein kjenner til blei brukte av fønikarane. Midtpunktet i bynettverket deira blei hamnebyen Karthago, som blei grunnlagd 814 fvt. Festningsverka her blei tidleg fylte ut med eit fyrtårn.
mini|venstre|150px| Det romerske Herkulestårnet på spanskekysten.
Rundt 600 fvt. fortel kjelda også om fyrlys ved innløpet av Dardanellane. Ved Aten sin hamneby Pireus har ein funne restar av det ein trur er to innseglingsfyr frå rundt 400 fvt. Kolossen på Rhodos, frå rundt 300 fvt., var 33 meter høgtrhodesguide.com og stod ved innfarten til hamna på Rhodos. Statuen heldt ein fakkel i handa der bål blei tente på om natta for å leie skipa inn i hamna.
Vi kjenner også til fyrtårnet på Faros utanfor Alexandria i den egyptiske oldtida, som blei bygd mellom 280 og 261 fvt. Det var mellom 135 og 170 meter høgt og hadde fyrlykter i form av bål. Fyret var i bruk i rundt 1500 år og vert skildra av den arabiske geografen Edrisi på 1200-talet. På 1300-talet blei fyrtårnet øydelagt av eit jordskjelv. Fyrtårnet på Faros og kolossen på Rhodos var to av dei sju underverka i den antikke verda.
Namnet på øya fyret stod på, Faros, går igjen på ei rekkje språk med tydinga fyr: fransk phare, italiensk faro (tyder også lykt, som på ein bil), spansk faro, portugisisk farol og gresk φάρος (pharos). Ordet farologi, studiet av fyr, er også avleidd av namnet på øya. Det norske ordet fyr kjem likevel frå norrønt språk, og viser til eld.Ordbog over det Danske Sprog: «III. Fyr»
mini|venstre|150px| Det romerske fyret ved Dover i England frå rundt år 50 er eit av dei eldste fyra som framleis står. Også i Romarriket blei det reist fyr, så langt nord som i England. Nokre fyr bygde av romarane er Cadiz, frå år 100 fvt. ved innløpet til Middelhavet, Gesoriacom, frå rundt år 40 i Boulogne-sur-Mer ved den franske kanalkysten og Dubra (Dover) i England, frå om lag år 50. Dette tårnet står i dag. Eit anna romersk fyr som framleis står, er Coruña eller Torre dei Hercules/Herkulestårnet nær Ferrol på nordvestkysten av Spania. Det er frå rundt år 100.
Det eldste fyret vi kjenner til frå mellomalderen, er det italienske Meloria utanfor Livorno. Det blei reist i 1158. Deretter følgde Hook Point på sørsida av Irland frå rundt 1172, Cap Peloro nordaust for Messina på Sicilia frå 1190. På 1200-talet skipa hanseatane fleire fyr, mellom anna Falsterbo i Sverige i 1222.Wikipedia på svensk Ingen av fyra hanseatane reiste låg i Noreg.
Dei eldste fyra i Noreg Sjå òg Fyr i Noreg Først i 1655 blei det første fyrlyset tent i Noreg. Kong Fredrik III skreiv 18. juli 1655 ut ei formaning som gav Pouell Hansønn, borgar av Christiansand, privilegium til å etablere fyrdrift på Lindesnes.
mini| Kjeungskjær fyr i Sør-Trøndelag er eit leifyr frå 1880. Somme reknar Færder fyr i Oslofjorden som det eldste fyret i Noreg. Det blei skipa i 1696 på øya Store Færder like nord for dagens fyr. Dette var eit privat fyr forma som ei open, smidd fyrgryte. Gryta stod også her rett på berget og fyrvaktaren etterfylte med kol og ved heile natta. På eit år blei det brent omkring 540 tønner med kol. I 1799 overtok det offentlege ansvaret for fyrdrifta, og eit tårn med stor lykt stod ferdig i 1802.
I 1841 fekk Noreg sitt eige fyrvesen (Noreg var då i union med Sverige), og det blei skilt ut som eit eige direktorat: Fyrdirektoratet. I tiåra som følgde blei det gjennomført svære byggjeprosjekt over heile landet. Fram til 1880 blei det bygd over 100 fyrstasjonar i Noreg. Fyretableringa i Nord-Noreg kom seint i gang, men utbygginga blei etter kvart pressa fram av fiskeria, hurtigruta (kom i gang i 1893) og malmtransporten (starta i 1903). Anda fyr i Øksnes kommune i Nordland var det siste fyret som blei reist i Noreg. Det blei oppretta i 1932.
Utforming av fyrtårn Fyrtårnet si form, høgd og plassering blir avgjort av funksjonen det skal utføre. Høgda over havet for lysutstrålinga vil, saman med lysstyrken, avgjere rekkjevidda av lyset. Leifyr er ofte lågare enn kystfyr, dei har funksjonen sin i det nære farvatnet, medan kystfyra skal lyse langt, og er derfor høge for å kompensere for jordkrumminga. Fyret skal òg fungere som dagmerke. mini|venstre|Bengtskär fyr er det høgaste fyret i Norden Sletringen fyr på Frøya i Sør-Trøndelag har Noregs høgste fyrtårn. Sletringen fyr blei oppretta i 1899 og automatisert og avfolka i 1993. Tårnet er av støypejern og er 45 meter høgt. Til samanlikning er verdas høgaste fyr Yokohama Marine Tower i Japan. Fyret er ein stålkonstruksjon som ragar 106 m, det har ei kraft på 600 000 candela (1 candela = 1 stearinlys) og ei synleg rekkjevidd på 20 nautiske mil. I Norden er Bengtskär fyr, som ligg sør for Hangö i Finland høgast. Dette fyret er 52 m høgt, og blei bygd i 1906. Bengtskär fyr er også det første fyrmuseet i Finland.
På slutten av 1700-talet starta støypejernindustrien si blomstringstid, og ei skilsetjande hending i fyrhistoria skjedde i 1842, då det første store fyrtårnet i jern blei støypt og sett opp på Morant Point på Jamaica. I 1853 blei det første jerntårnet i Noreg oppført, på Eigerøy fyrstasjon. Fram til 1950, blei det oppført 40 fyrtårn i støypejern her til lands. Frå 1870-åra byrja også oppføring av fyrtårn i betong, noko som etter kvart fekk stor utbreiing. Fram til 1890 var alle fyrbygningane måla i ein okerfarge, seinare blei dei måla kvite. Det blei etter kvart vanleg å måle ei ca. 1 meter brei, raud stripe vertikalt på lang- eller gavlveggen for at fyret skulle synast betre som dagmerke. I 1950-åra blei det vanleg å kle fyrbygningar med asbestplater (eternitt). I dag blir ofte den gamle kledinga restaurert eller erstatta med ny kleding.
Brennstoff og lyskjelder Dei eldste fyra var bålfyr, der det først blei fyrt med ved og frå 1700-talet med kol. Mellom 1802 og 1839 blei det oppført seks kolblussfyr i Noreg. Det siste som blei reist, kanskje også det siste i verda, var Villa fyr utanfor Namsos i Nord-Trøndelag, i 1839. Dette var også det første fyret nord for Trondheimsfjorden. På 1700-talet var også tranfyr i bruk, men tranen blei etter kvart erstatta med andre typar oljer som rapsolje, parafin og til slutt petroleum på 1870-talet. Petroleum var både monaleg billegare og gav vesentleg betre lys, og har vore nytta som brennstoff heilt fram til vår tid.
På starten av 1900-talet blei også acetylengass brukt som brensel på nokre fyr. I 1862 blei det første elektriske fyret etablert i Frankrike. I 1897 blei elektrisitet prøvd ut på Ryvingen fyr utanfor Mandal, men det blei for dyrt i drift og blei bygd om for acetylengassdrift. Hovudtyngda av omlegging til elektrisitet på norske fyr kom så seint som etter den andre verdskrigen. Dei elektriske glødelampene er no skifte ut med energisparande halogenpærer, og på fleire fyr blir desse drivne av solcellepanel, bølgjekraftgeneratorar eller vindgeneratorar. Elles kjem den elektriske krafta ofte frå det vanlege straumnettet, eller fyret har sine eigne dieselaggregat.
Linser og lyssignal mini|Storleiken på Fresnels linse blir inndelt i seks trinn frå sjette orden som det veikaste til første orden som det sterkaste.
For å forsterke lyset blei optiske verkemiddel nytta i form av reflekterande messingplater, spegl og glaslinser. I 1823 blei Augustin Fresnels lysbrytande glaslinse for første gong teken i bruk på Corduan fyr utanfor Bordeaux. Linsa revolusjonerte utviklinga innan fyrlys over heile verda. No blei det mogleg å samle lyset som ein komprimert strålebunt eller sende det ut som eit horisontalt lysbelte. Fyrlysa blei meir synlege over lengre avstandar, men framleis var lysa frå dei forskjellige fyra temmeleg like. mini|150px|venstre| Augustin Fresnel (1788-1827) fann opp den lysbrytande glaslinsa som framleis er i bruk i fyr. Fresnels linser blei laga i seks storleikar (brennvidder). Linsa sin storleik er delt inn i ein orden etter lysstyrke, som blir gjeven som normallys. «1. orden» er den største linsestorleiken med ei brennvidde på 92 cm, og «6. orden» er den minste med ei brennvidde på 15 cm. Ei linse av 1. orden har med andre ord ein diameter på 1,84 meter. I 1832 blei fyrlinser tekne i bruk i Noreg, første gongen på Oksøy fyr.
Lys som blei forsterka med hjelp frå linser gjorde at skjermar av farga glas i raudt og litt seinare grønt kunne takast i bruk. Fargen på lysstrålen syner i kva sektor ein ligg i forhold til fyret. Raud og grøn farge på lysstrålen gjev informasjon om at sektoren har ureint farvatn, medan kvitt lys viser sektorar for seglbart farvatn.
I 1870-åra byrja fyra å signalisere blink med hjelp frå stållamellar som enten roterer rundt ei midtlinje (von Otter systemet) eller rundt lyskjelda (ingeniør L. F. Lindbergs rotor). Det blei no enklare å fastsetje posisjonen for eit observert fyr. Forskjellige linsetypar, storleikar, linserotasjon (blinkrytmar i lyssignalet) gjorde det no òg enklare å skilje dei forskjellige fyra frå kvarandre. Lyskaraktersystemet kan delast inn i fleire kategoriar: mini|150px| Nils Gustaf Dalén (1869-1937) fann opp solventilen som sløkkjer fyrlyset i dagslys. Foto: Atelier Jaeger, Stockholm Fast: Vedvarande lys av same styrke og farge. Okkulterande: Lysperioden er lengre enn mørkeperioden der lyset blir avbrote med visse mellomrom. Ofte kjem mørkeperiodane i grupper, t.d. to mørkeperiodar etter kvarandre etterfølgd av ein lengre lysperiode. Blinkande: Lysperioden er kortare enn mørkeperioden. Ein har fleire variantar av blinkande lys. Ved langblink er blinka minst to sekund eller lengre, gruppeblink er fleire blink etter kvarandre i rask rekkefølgje, hurtigblink er minst 60 blink i minuttet som går kontinuerleg, medan lys i form av avbroten hurtigblink har ein lengre mørk periode mellom blinkperiodane. I tillegg har ein rask hurtigblink (minst 120 blink i minuttet) og ultra hurtigblink (minst 240 blink i minuttet). Isofase: Lys- og mørkeperiodane er like lange. Fast med blink: Fast lys som med jamne mellomrom vert broten av eit blink med større lysstyrke. Vekslande: Vedvarande lys som skiftar farge med jamne mellomrom.
Det er viktig at fyr som ligg nær kvarandre har ulik lyskarakter, for å unngå forbyting.