mini|Eplekompott mini|Kastanjekompott i ei gryte. Kompott er ein rett laga av frukt eller bær som er kokt med sukker. Det er ei form for fruktgraut der frukta ikkje er kokt sund.
Ordsoge Ordet kompott kjem frå frå fransk compote, av gammalfransk composte, som er avleidd frå latin composita eller compositus, 'samansett'. Historisk har ordet vist til ulike mattypar laga ved å blanda matvarer, som fisk eller kjøt i eddik eller salt og frukt i vin, sukker eller honning. Kompost, kompositum, komposisjon og komposittmateriale har same opphav. Kompot er ei austeuropeisk nemning for ein drikk laga på same vis som kompott.
På engelsk kan ordet compote visa til kompott eller til ei skål med stett, avleidd av ein type kompottskål.
Tillaging Ein kan laga kompott av ulike typar frukt, anten ein type eller fleire saman. Frukta kan vera fersk, frosen eller tørka. Ein kjend type er sviskekompott. I tillegg til sukker kan ein også tilsetja jamning, til dømes potetmjøl, og smaksstoff som sitrusskal eller krydder. Det finst også oppskrifter med alkohol. Til dømes kan ein bruka tørka frukt som har lege i drikkar som kirsch, rom eller Frontignan.Robuchon, Joël, «Members of the Gastronomic Committee». Larousse Gastronomique. New York: Clarkson Potter/Publishers, 2001, s. 322-323.
Servering Kompott kan serverast varm eller kald. Mange kompottar blir brukte som dessert, men nokre kan serverast til kjøtrettar på same måte som chutney. Ein kan servera kompott med krem, vaniljesaus, iskrem eller liknande.
Kompott kan også brukast som fyll til bakverk eller som tilbehøyr til andre rettar.
Bilete
Sjå òg Hermetisk frukt Kompot Kissel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kalde dessertar - graut av frukt og bær, kompott, krem, krutong, mousse og pudding ved ndla.no
Kategori:Fruktretter Kategori:Søtmat Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Latinske ord og uttrykk