Elizaveta Ryzih (), kjend som Lisa Ryzih, er ein tysk tidlegare stavhoppar fødd i Omsk i den dåverande Sovjetunionen. Ho vann EM-bronse i 2012 og tok EM-sølv i 2016.
Aktiv Ryzih gjorde personbeste med 4,65 m under europameisterskapen 2010 i Barcelona og fekk bronsemedaljen for den prestasjonen. I EM 2014 vart ho nummer fire med 4,60 m, same høgda som sølv- og bronsevinnar stoppa på. To år seinare vann ho sølv med 4,70 m då europameisterskapen 2016 fann stad i Amsterdam. Den 19. juli 2016 sette Ryzih personleg rekord med 4,73 m ved eit stemne i Jockgrim. I mars 2017 kom Ryzih på andreplass ved hall-EM i Beograd med 4,75 meter, personbeste innandørs.
Ryzih vart tysk meister i stavhopp i 2014, 2015 og 2017.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 4,65 m EM 2012 i Helsinki: Nr 7 – 4,40 m OL 2012 i London: Nr 6 – 4,45 m VM 2013 i Moskva: Nr 8 – 4,55 m EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 4,60 m VM 2015 i Beijing: Nr 12 – 4,60 m EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 4,70 m, bakom Ekateríni Stefanídi (4,81 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 10 – 4,50 m VM 2017 i London: Nr 5 – 4,65 m VM 2019 i Doha: Nr 17 – 4,50 m
Kjelder World Athletics Denne artikkelen bygger på «Lisa Ryzih» frå , den 28. september 2019.
Kategori:Tyske stavhopparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016