Fjelberg prestegard i Kvinnherad kommune ligg like inntil Fjelberg kyrkje, på nordsida.
Kyrkja og garden har røter attende til mellomalderen. Garden er fyrste gong omtala i 1561. Bygningane er frå tidleg 1700-tal eller seinare. Ti bygningar er freda. Av desse står seks rundt tunet: hovudbygning, bispestove, stabbur, bakeri, vedskjul og utedo. Det finst òg m.a. ein driftsbygning og eit par naust.
Den tidlegare prestegarden drivast av ei stifting og vert nytta til møte, seminar, overnatting o.a.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Stiftelsen Fjelberg Prestegard
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Kvinnherad Kategori:Gardar i Vestland Kategori:Byggverk i Kvinnherad Kategori:Freda bygg i Vestland