Frans Äimä () var ein finsk fonetikar og språkforskar, som er mest kjend for arbeida sine om enaresamisk.

Äimä doktorerte i 1914 med avhandlinga Phoenetik und lautlehre des Inarilappischen, og vart same året dosent i finsk samisk og samisk lydlære ved Helsingfors universitet.

Äimä var ein føregangsmann for innføringa av eksperimentell fonetikk i Finland. Som språkforskar var han elev av E. N. Setälä, og det språkhistoriske arbeidet hans er prega av Setälä sine teoriar, og dermed ikkje lese i dag. Arbeidet hans med enaresamisk har derimot hatt varig verdi. Eit opphald på seks månader i Enare i 1900-1901, og seinare kortare reiser i 1926, 1929 og 1931 resulterte i ei ordsamling på rundt 10000 ord, som utgjorde stammen i det som skulle bli Erkki Itkonen og Lea Laitinen si Inarilappisches Wörterbuch.

Kategori:Finske språkforskarar Kategori:Personar innafor samisk språkforsking