«Real Good Looking Boy» er ein song skriven av gitaristen i det britiske rockebandet The Who, Pete Townshend. Han vart opphavleg gjeven ut i 2004 på samlealbumet Then and Now, og var ein av to nye songar på det albumet, i lag med «Old Red Wine». Desse to var dei første nye songane The Who hadde gjeve ut på 15 år. Han vart seinare gjeven ut som ein forkorta singel med den andre nemnde songen som B-side. «Real Good Looking Boy» vart seinare framført i 2007 i rockemusikalen The Boy Who Heard Music.

Songen var ei hyllest til Elvis Presley og opnar med nokre pianolinjer frå songen «Can't Help Falling in Love».

Medverkande

Pete Townshend: gitar, solovokal Roger Daltrey: solovokal Greg Lake: bassgitar Zak Starkey: trommer John «Rabbit» Bundrick: piano Simon Townshend: gitar og klaverinstrument

Teknisk Simon Townshend: Produsent i Eel Pie Oceanic Studios, London kring november 2003 Lydteknikar: Bob Pridden og Myles Clarke

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Real Good Looking Boy» frå , den 8. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Who-songar Kategori:Songar om Elvis Presley Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Songar skrivne av George David Weiss Kategori:Songar frå 2004 Kategori:Songar skrivne av Hugo Peretti Kategori:Songar skrivne av Luigi Creatore Kategori:Songar produserte av Pete Townshend