Yaimé Pérez Tellez () er ein friidrettsutøvar frå Cuba som i 2019 vart verdsmeister i diskoskasting under meisterskapen i Doha. Sommaren 2019 sette ho personleg rekord i øvinga med 69,39 meter ved eit stemne i Sotteville i Frankrike.

Aktiv Pérez har vore ein av dei beste kvinnelege diskoskastarane sidan ho i Lausanne i 2015 sette personbeste med 67,13 meter. Ved Beijing-VM 2015 enda ho på fjerdeplassen, 7 centimeter bak bronsemedaljør Nadine Müller. I 2016 forbetra Pérez den personlege rekorden til 68,86 m, men mislukkast heilt i OL-finalen. 7. juli 2017 flytta ho sitt personbeste til 69,19 m i Sotteville, ein månad seinare vart ho på ny nummer 4 i eit Friidretts-VM. 16. juli 2019 var ho tilbake i Sotteville og presterte livsbeste då ho i sjette og siste omgang fekk opp eit kast på 69,39 meter. Nesten like langt kasta ho då ho i Doha i slutten av september, i den femte omgangen, «straffa» landskvinna Denia Caballero og vann VM-gull. Under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021 la Pérez beslag på bronsemedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (57,87 m =nr 30) VM 2013 i Moskva: Nr 11 – 60,33 m VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 65,46 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 12 (-) VM 2017 i London: Nr 4 – 64,82 m VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 69,17 m, framom Denia Caballero (68,44 m) OL i 2021 i Tokyo: Bronsemedalje – 65,72 m VM 2022 i Eugene: Nr 7 – 63,07 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yaimé Pérez» frå , den 12. oktober 2019.

World Athletics

Kategori:Cubanske diskoskastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Cuba Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020