John Mayne () var ein skotsk forleggjar, journalist og diktar fødd i Dumfries. Verka hans påverka diktaren Robert Burns og blei beundra av Walter Scott.
Mayn flytta med familien til Glasgow i 1782, der han lærte seg trykking, og slo seg ned i London i 1787. Her var han mellom anna eigar og medredaktør i avisa The Star. Han trykte fleire av dikta sine i denne avisa, men også andre stader, som i Gentleman's Magazine.
I 1780 blei diktet hans «The Siller Gun» trykt i si opphavlege form i Ruddiman's Magazine, som blei gjeve ut av Walter Ruddiman i Edinburgh.Scottish Poetry of the Eighteenth Century By George Eyre-Todd s. 151. Taylor & Francis Det er eit humoristisk dikt om ein gammal skikk i Dumfries om eit wapenshaw der ein tevla om å vinna eit kanonløp av sølv. Mayne skreiv også eit dikt om halloween, «Hallowe'en», i 1780. Dette påverka Robert Burns sitt dikt «Halloween» frå 1785.Thomas Crawford,Burns: a study of the poems and songs Stanford University Press, 1960Robert Chambers The Life and Works of Robert Burns, Volume 1 Lippincott, Grambo & co., 1854
«Logan braes» frå 1789 inspirerte Burns til å skriva eit dikt med same namn, og ta med to linjer frå Mayne sitt verk. Han skal ha trudd at det var ein eldre folkesong.
Mayne skreiv også diktet «Glasgow» i 1783, det patriotiske stykket «English, Scots, and Irishmen» i 1803, og ein versjon av balladen «Helen of Kirkconnel»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Mayne» frå , den 19. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skotske diktarar Kategori:Forfattarar frå 1700-talet