Willem van Hanegem () er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Breskens i Zeeland. Han var midtbanespelar på Feijenoord då klubben vann europacupen i 1970 og UEFA-cupen i 1974. I 1974 spelte han for det nederlandske laget som tapte VM-finalen mot Vest-Tyskland.
Klubbspel Etter fire år med den lokale klubben Velox, flytta Hanegem i 1966 til Rotterdam og var aktiv i to år på toppserielaget Xerxes. Frå 1968 til 1976 spelte han på Feyenoord. Med klubben frå Rotterdam vann han tre seriemeisterskap, den nasjonale cupmeisterskapen 1969, Europacupen i fotball 1970 og UEFA-cupen 1974. Tida 1976-79 gjorde Hanegem teneste i AZ Alkmaar, der han i 1978 var med å vinne den nasjonale cupmeisterskapen. Etter eit mellomspel i USA spelte han to sesongar på FC Utrecht, før han 1981-83 avslutta med gamleklubben Feyenoord.
Landslagsspel Hanegem deltok i 52 landskampar for Nederland i tida frå mai 1968 til september 1979. Under verdsmeisterskapen i Vest-Tyskland sommaren 1974 spelte han alle sju kampane i turneringa, ei turnering som enda med eit forsmedeleg 1-2-tap for Hanegem og Nederland. To år seinare var han innbytar då Nederland tapte EM-semifinalen mot Tsjekkoslovakia. Han skåra i alt fem landslagsmål.
Merittar Vinnar av Europacupen: 1970 med Feyenoord Vinnar av UEFA-cupen: 1974 med Feyenoord Nederlandsk seriemeister: 1969, 1971, 1974 med Feyenoord Nederlandsk cupmeister: 1969 med Feyenoord og 1978 med AZ Alkmaar VM-sølv: 1974 for Nederland EM-bronse: 1976 for Nederland
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Willem van Hanegem» frå , den 25. oktober 2019.
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Nederlandske fotballtrenarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:AZ-spelarar Kategori:Utrecht-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976