If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You er det andre albumet til Canterbury scene-bandet Caravan, gjeve ut i september 1970. Det var ein føregangar til det mest kjende albumet deira, In the Land of Grey and Pink (1971). Albumet representerte Canterbury scene-stilen med orgelsoloar og melodisk vokal, som var typisk for stilen til bandet. Albumet kom ut på Decca Records, og tittelsporet kom ut på singel.
Bakgrunn Caravan gav ut debutalbumet sitt, Caravan i 1968, og fekk noko suksess med konsertane sine, og spelt på både britisk og tysk fjernsyn tidleg i 1969. Uheldigvis la selskapet deira, Verve Records, med den britiske drifta si og droppa bandet. Gitaristen Pye Hastings sa seinare at «situasjonen forlet oss i eit tomrom». Bandet fortsette å halde konsertar og fann til slutt manageren Terry King. David Hitchcock, ein tilsett i designavdelinga til Decca Records, såg bandet spele på London Lyceum og rådde sjefen sin, Hugh Mendl, å signere dei.
Innspelinga for albumet byrja i Tangerine Studios på Balls Pond Road i Dalston i London i september 1969 med bandet sjølv som produsentar og Robin Sylvester som lydteknikar. Hastings hugsa at dette skapte problem, sidan kvart medlem ønskte sitt instrument høgare enn dei andre sine. Bandet spelte inn nokre songar, men desse vart gjeve opp og bandet drog ut på turné, sidan dei var blitt populære i universitetsmiljøa i Storbritannia og Europa. Dei kom saman att i februar året etter og spelte stort sett inn songane på direkten på ein åttesporsopptakar. Høgdepunkta frå innspelingane var eit fjorten minuttar langt jazzrock-stykke sett saman av forskjellige mindre stykke av bandet, kalla «For Richard». Klaverspelaren David Sinclair komponerte grunnstrukturen, medan bassisten Richard Sinclair skreiv hovudmelodien. Hastings inviterte broren Jimmy til å spele saksofon og fløyte, og vart ofte ein del av studioarbeidet til Caravan.
Albumtittelen o tittelsporet er ofte sagt å kome frå Spike Milligan, men kan òg han kome frå ein piratkopiert Bob Dylan-song «All Over You» («Well, if I had to do it all over again/Babe, I’d do it all over you»), seinare gjeven ut på The Bootleg Series, Vol 9: The Witmark Demos: 1962-1964.
Biletet på plateomslaget vart teken i Holland Park i London av David Jupe.
Utgjeving og mottaking
«Hello Hello», med tittelsporet som B-side, vart gjeven ut på singel i august 1970, som førte til at dei fekk spele på Top of the Pops i BBC. Albumet vart gjeve ut månaden etter i Storbritannia, og i mars 1971 i USA. I følgje AllMusic «består If I Could Do It All Over Again store forbetringar etter det første albumet.»
«For Richard» vart eit fast spor på konsertane til Caravan og ofte spelt som avslutningssong. Eit fullt orkestrert konsertopptak finst på Caravan and the New Symphonia i 1974.
Albumet vart ommastra i 2001 og gjeven ut på CD med bonusspor, inkludert den skrinlagde innspelinga i september 1969, og eit unytta spor kalla «A Day in the Life of Maurice Haylett», skriven om turnémanageren til bandet.
Innhald Alle songar av Richard Coughlan, Pye Hastings, Richard Sinclair og Dave Sinclair. Side ein
Side to
Medverkande Caravan Pye Hastings – vokal, 6- og 12-strengs elektrisk gitar, 6-strengs akustisk gitar, claves, sliten lêrreim, etterlikning av ein venleg gorilla og forskjellige oskebeger Richard Sinclair – vokal, bassgitar, tamburin, hekksaks David Sinclair – orgel, piano, cembalo Richard Coughlan – trommer, conga, bongotrommer, maracas, fingercymbal
Andre medverkande Jimmy Hastings – saksofon, fløyte
Teknisk Robin Sylvester – lydteknikar David Jupe – fotografi og grafikk Terry King – manager Maurice Haylett – turnémanager
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You» frå , den 26. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Caravan-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Decca Records-album