mini|Illustrasjon av Carl Larsson til folkeeventyret «Følgesvennen» for ei svensk utgåve av Asbjørnsen og Moe sine folkeeventyr frå 1927.«Följeslagaren» (svensk omsetjing) «Følgesvennen» er eit norsk undereventyr utforma av Peter Christen Asbjørnsen på grunnlag av fleire oppskrifter. Det blei trykt i Norske Folkeeventyr (1841-1844) og i Norsk Illustrert Folkekalender i 1855. Eventyret har Aarne-Thompson-klassifikasjonen AT507A. Det er kjend frå rundt 20 norske oppskrifter, og finst i fleire utgåver i Europa og Asia.
Eventyret handlar om ein bondegut som dreg ut i verda for å finna ei kongsdotter han har drømt om. På vegen får han følgje av ein mystisk skikkelse. Denne følgjesvenen hjelper han gjennom dei harde prøvingane han må gjennom for å vinna kongsdottera. Følgjesvenen viser seg å vera ein dauding guten har løyst ut av ei isblokk og gjeve ei kristen gravferd.
Sjå òg Tobits bok
Kjelder
<div class="references-small"> Delar av denne artikkelen bygger på «Følgesvennen» frå , den 30. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff «Følgesvennen» ved Runeberg.org
Kategori:Norske folkeeventyr