I Can See Your House from Here er det sjuande studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel. Det kom ut i 1979 og introduserte ei ny besetning med dei opphavlege medlemmane Andrew Latimer (gitar) og Andy Ward (trommer) i tillegg til bassisten Colin Bass (som erstatta Richard Sinclair), klaverspelaren Jan Schelhaas (som kom inn i 1978 for Breathless-turneen) og Kit Watkins (tidlegare Happy The Man) som erstatta Dave Sinclair. På eit tidspunkt skulle albumet få tittelen Endangered Species.John Tracy's liner notes on I Can See Your House from Here album's Decca 1989 CD editionCamel - I Can See Your House from Here (1979) album review at www.rajaz.co.uk

Innspeling Arbeidet med albumet starta sommaren 1979 i samarbeid med produsenten Rupert Hine i Farmyard Studios i Little Chalfont. Innspelinga fann stad i eit landleg herskapshus, som passa bandet bra. Orkesterinnspelingane vart lagt til i AIR Studios i London. Mel Collins (som òg arbeidde med Caravan) spelte saksofon på albumet, medan Genesis-trommeslagaren og vokalisten Phil Collins spelte perkusjon. Andy Latimer var nøgd med sluttproduktet og sa at Hine «var så kjekk å arbeide med, han var verkeleg på og rask. Eg likte å spele inn dette albumet. Me gjorde det ganske kjapt og det vart ikkje ein langtekkeleg produksjon.»

Albumet kom ut i oktober 1979. Det låg tre veker inne på den britiske albumlista seint i oktober og tidleg i november og nådde 45. plassen. Det vart planlagt ein singel frå albumet, men denne vart skrinlagd. I staden gav dei ut ein maxisingel med ein forkorta versjon av «Remote Romance» med B-sida «Rainbow's End» frå Breathless (1978) og ein versjon av «Tell Me», som først kom ut på Rain Dances (1977). Singelen selde ikkje godt. Singelen «Your Love is Stranger than Mine» / «Neon Magic» kom så ut i februar 1980.

Plateomslag Plateomslaget var basert på ein vits som var noko populær på den tida, der Jesus medan han heng på krossen kallar på Peter, som med stor vanskar når fram til han. Poenget var at jesus berre ville sei til Peter at han kunne sjå huset hans frå der han stod.

Turné Verdsturneen etter albumet byrja 8. oktober i The Dome i Brighton i England, etterfølgd av Frankrike, Tyskland, Sverige, Noreg, Belgia, Spania og enda 29. januar 1980 i Koseinenkinhallen i Tokyo i Japan.

Innhald Side ein

Medverkande Camel Andrew Latimer – gitarar, fløyte, korvokal; autoharpe på «Who We Are»; solovokal på «Who We Are», «Hymn to Her» og «Neon Magic» Colin Bass – bass, korvokal; solovokal på «Wait» og «Your Love Is Stranger Than Mine» Kit Watkins – Hammond C3-orgel, Solina-synthesizer, Yamaha elektrisk piano, Rhodes elektrisk piano, Moog synthesizer, Minimoog, Hohner Clavinet, Prophet-5, Yamaha CS-80, EMS Sequencer, fløyte Jan Schelhaas – Yamaha CS-80, Yamaha elektrisk piano, flygel, Prophet-5, Moog synthesizer, Minimoog, EMS Sequencer Andy Ward – trommer, perkusjon

Andre medverkande Mel Collins – altsaksofon på «Your Love Is Stranger Than Mine» Phil Collins – perkusjon Rupert Hine – korvokal Simon Jeffes – orkesterarrangement på «Who We Are» og «Survival»

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «I Can See Your House from Here» frå , den 9. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Camel-album Kategori:Deram Records-album Kategori:Album produserte av Rupert Hine