Senja kommune er ein kommune i Troms fylke. Kommunen vart til frå 1. januar 2020, ved samanslåing av kommunane Berg, Lenvik, Torsken og Tranøy, og omfattar øya Senja, nokre mindre omliggande øyar og eit stykke av fastlandet mellom Gisundet og Malangen. Finnsnes på fastlandet er største tettstaden og administrasjonssenteret i den nye kommunen. Tettstader på øya Senja er Gryllefjord, Torsken, Senjahopen, Vangsvik, Silsand, Gibostad og Husøy.
Skipinga av Senja kommune begynte i 2016 med at dei Høgrestyrte kommunane Lenvik og Tranøy avgjorde å slå seg saman til ein kommune i 2020. I Berg kommunestyre vart det fleirtal for å slutte seg til ei framtidig avgjerd av Stortinget, i samband med ei nasjonal kommunereform, medan Torsken ønskte å halde fram som eigen kommune. I 2017 kom eit stortingsvedtak om å slå dei fire kommunane sammen til nye Senja kommune.
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 vart det for første gong valt representantar til kommunestyret i Senja kommune. Tom-Rune Eliseussen frå Senterpartiet fekk ordførarvervet.
Folk frå Senja Ottar Brox (f. 1932), politikar, sosiolog, sivilagronom (Torsken)
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 2020