František Pospíšil () er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar frå Unhošť som vart verdsmeister 1972, 1976, 1977 med Tsjekkoslovakia. Perioden 1968-77 vann han ein medalje i samtlege 12 VM- og OL-turneringar.
Forsvarsspelaren Pospíšil var frå 1966 til 1979 aktiv i Kladno, ein klubb som vann den tsjekkoslovakiske ishockeyserien fire år i rad, 1975-78. Han spelte fast på Tsjekkoslovakia sitt landslag i ishockey frå 1967 og dei neste ti sesongane. Høgdepunktet kom då han og lagkameratane gjekk til topps i Ishockey-VM 1972 på heimebane. Sidan var han sterkt delaktig då Tsjekkoslovakia sigra i verdsmeisterskapane 1976 og 1977. Alle tre gongane Tsjekkoslovakia vann VM-turneringa kom Pospíšil med på "All Star Team".
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «František Pospíšil» frå , den 14. november 2019.
Kategori:Tsjekkoslovakiske ishockeyspelarar Kategori:Tsjekkiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976