Jiří Holeček () er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar frå Praha som vart verdsmeister 1972, 1976, 1977 med Tsjekkoslovakia. I tida 1966-78 var han elles med om å vinne fem VM-sølv, OL-sølv, OL-bronse og VM-bronse.

Holeček var målvakt på Tsjekkoslovakia sitt landslag frå 1966 til -78, ein periode der han sikra seg elleve VM-/OL-medaljar. Høgdepunktet var då laget gjekk til topps i Ishockey-VM 1972 i heimbyen hans. Sidan var han sterkt delaktig då Tsjekkoslovakia sigra i verdsmeisterskapen 1976. Han fekk målvaktsplassen på "All Star Team" i fem ulike verdsmeisterskap.

Holeček spelte på Košice frå 1963 til -73. Sidan var han aktiv i Sparta Praha til 1978, då han flytta til Vest-Tyskland. Der var han 70 München-seplar i to sesongar og ein sesong i Essen-West.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Jiří Holeček» frå , den 15. november 2019.

Kategori:Tsjekkoslovakiske ishockeyspelarar Kategori:Tsjekkiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Praha