Magick Brother er debutalbumet til den progressive rockegruppa Gong, spelt inn i Paris i september og oktober 1969 og gjeve ut i mars 1970 på det franske selskapet BYG Actuel.
Bandet hadde nyleg fått inn bassisten Christian Tritsch, men han kom ikkje inn i tide til å spele på albumet, så songaren, låtskrivaren og gitaristen Daevid Allen spelte bassgitar sjølv. Eit bilete av Allen som spelar bass for albumet er på plateomslaget. Dei nytta seg òg av jazzkontrabassisten Earl Freeman og Barre Phillips, som spelte inn musikk for selskapet på same tid, på tre spor.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 14. Dieter Gewissler, som stundom spelte med Gong på denne tida og som normalt spelte fiolin, bidrog òg med noko «fri» kontrabass med boge på to spor. Plateomslaget vart trykt før den endelege rekkjefølgja på songane og titlane deira vart avgjort, så songane «Rational Anthem» (òg kjend som «Change the World») og «Glad To Sad To Say» vart oppførte feil.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 19.
Kort tid etter albumet kom ut, heldt bandet den første konserten sin på BYG Actuel-festivalen i den vesle byen Amougies i Belgia den 27. oktober 1969, introdusert på scenen av Frank Zappa.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 31.
Innhald
Alle songar er skrivne av Daevid Allen, men òg tilskriven kjærasten Gilli Smyth av rettslege årsaker.Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p. 20.
Produsert av Jean Georgakarakos og Jean Luc Young.
Versjoen på CD har ei anna gruppering av spora og andre lengder:
Medverkande Daevid Allen – gitar, bassgitar, vokal Gilli Smyth – space-kviskring Didier Malherbe – fløyte, sopransaksofon Rachid Houari – trommer, perkusjon
Andre medverkande Barre Phillips – kontrabass på 4 & 10 Earl Freeman – kontrabass på 8, piano på 9 Burton Greene – piano på 8 Dieter Gewissler – kontrabass med boge på 2 & 9 Tasmin Smyth (dotter til Gilli) – røyst på 1 & 10
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Magick Brother» frå , den 16. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Gong-album Kategori:Engelske psykedeliske rockealbum Kategori:BYG Actuel-album