I See You er det 13. studioalbumet til Gong, gjeve ut 10. november 2014.

Albumet vart det siste Gong-albumet med grunnleggjaren Daevid Allen før han døydde 13. mars 2015.

I See You vart miksa og produsert av sonen til Daevid, Orlando Monday Allen i Flamedog Records Studios og Bananamoon Observatory Studios i New South Wales i Australia, med ekstra produksjon av Dave Sturt og Daevid Allen.

Albumet kom ut 10. november 2014 på CD og dobbel-LP. CD-versjonen hadde eit ekstra spor, «Pixielation».

Innhald

Medverkande

Gong Orlando Allen  – trommer, vokal på «The Eternal Wheel Spins» Dave Sturt  – bass & samplingar Kavus Torabi  – gitar Fabio Golfetti – gitar Ian East  – saksofon, fløyte Daevid Allen  – gitar og vokal

Gjesteartist Gilli Smyth  – kviskring frå verdsrommet

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «I See You (Gong album)» frå , den 17. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2014 Kategori:Konseptalbum Kategori:Gong-album