Skulleruddumpa er eit dalsøkk i den søraustre delen av Oslo. Det ligg på grensa mellom Bydel Søndre Nordstrand og Bydel Østensjø. Ljanselva og turvegen langs elva går igjennom botnen av Skulleruddumpa.
Europaveg 6 går igjennom området i retning nord-sør. Frå vest kjem Nordstrandvegen frå Leirkallen og møter E6 i Skullerudkrysset, som ligg midt i Skulleruddumpa.
Skulleruddumpa ligg i eit dalsøkk. I nord og vest for E6 ligg Bergkrystallen på Lambertseter, medan Skullerud ligg austom motorvegen. I sørvest ligg Leirkallen skisenter i retning Mortensrud, medan søraust for dumpa ligg Smedåsen, Korpsåsen og andre høgdedrag i Østmarka.
Det er bygt ein parkeringsplass i Skulleruddumpa, med gangveg og skiløype inn til Skullerudstua og marka.
Skullerud sag låg i området, og det var ein gammal sagdam her medan saga var i bruk. Han vart seinare fylt igjen, men han vart attskapt i 2001, omtrent slik han ein gong låg.Ekanger (2000), side 26«Ljanselva flyter i medvind». Aftenposten. 5. oktober 2007.
Historie Det låg òg ein husmannsplass under Lambertseter med namn Dalen i Skulleruddumpa, og to andre plassar med namn Dritut og Skullerudbru er òg nemnde. Desse forsvann i løpet av 1800-talet, men seinare er husmannsplassen Skullerudmyra omtalt.Ekanger (2000), side 57-59
Referansar
Ekanger (2000), side 26 Ekanger (2000), side 57-59 «Ljanselva flyter i medvind». Aftenposten. 5. oktober 2007.
Litteratur
Kategori:Geografi i Oslo