Gimsøysteinen er ein runestein frå vikingtida frå garden Sand på Gimsøya i Vågan kommune i Nordland.
Steinen vart for første gong omtalt i 1810. Då stod han truleg på den opphavlege plasseringsstaden, ved vegen mellom Gimsøy kyrkje og sjøen. I 1863 var professor Yngvar Nielsen på staden, og han skriv at det skal ha vore fleire gravrøyser på staden. Steinen vart innkjøpt av Fortidsminnesmerkeforeningen i 1864, og i 1868 vart han frakta til Bergen Museum. I 1972 vart han henta attende til Nord-Noreg, og steinen er i dag stilt ut i Tromsø museum.
Steinen er 1,7 meter høg, og har ei lang innskrift i den yngre runerekkja. Gerd Høst tolkar henne til:
.uki : asa : b: raisþa : uar : aft : .t.aþ : .i. : nafis : þa : is : asi : ... : þaþan : au..ua : staina : þisa :
På moderne norsk skulle dette bli: .uki Åses bror reiste denne gravrøysa etter (…) Næfis (…) då Åse flaug herfrå og likeins desse (kjennelege?) steinane
Sjå også Runesteinar i Noreg
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Gimsøysteinen» frå , den 21. november 2019.
Litteratur Gerd Høst: Innskriften på Gimsøysteinen. Norsk Tidsskrift for Sprogvitenskap, bind XVIII, Oslo 1958 Gerd Stamsø Munch: Bautasteiner og vei. Et forsøk på nytolkning av reiste stein på Gimsøy i Lofoten. Viking XLV Oslo 1982
Kategori:Vågan kommune Kategori:Runesteinar i Noreg