mini|Teikning av Wilhelm Frimann Koren Christie frå 1842 Morkensteinen var ein runestein frå garden Morken, som ligg ca. to kilometer søraust for Manger kyrkje ved Radøyveien i Radøy kommune i Hordaland.
Steinen vart første gong skildra av Frantz Wolf i 1810, som fortel at han stod «i en Biergkløft». Seinare vart steinen studert av både Wilhelm F.K. Christie og biskop Jacob Neumann. I 1868 fortel Nicolay Nicolaysen at steinen ca. 20 år tidlegare var vorten slegen i stykke og brukt til å byggja ein potetkjellar. Ingen har sidan funne noko spor etter steinen. Med Christies teikning som basis har språkforskaren Magnus Olsen tolka innskrifta:
pal reist runar þesar umþrinink
På norrønt vert det Páll reist runar þessar um þrining.
På moderne norsk vert det «Pål reiste desse runene ved Trinitatis» (dvs. treeiningssundag; første sundag etter pinse.)
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Morkensteinen» frå , den 25. november 2019.
Litteratur
Kategori:Kulturminne i Alver Kategori:Runesteinar i Noreg