mini|Logo for skriftserien Samica mini|Forsida til skrift nr. 2 frå Samica Samica er ein fleirspråkleg og tverrvitskapleg skriftserie som tek for seg språk, litteratur og kultur i Sápmi (Sameland). Han er blitt gjeven ut av Albert-Ludwigs-Universität Freiburg i Tyskland sidan 2014.ISSN 2199-6229 Redaktørane er litteratur- og kulturforskaren Thomas Mohnike ved Strasbourg universitet og språkforskarane Michael Rießler og Joshua Wilbur ved Freiburgs universitet.

Samica inneheld litterære tekster i opphavleg språkdrakt eller omsetjing, populærvitskaplege tekstar og læremateriale. Tekstane kan vera på tysk, samiske eller andre nordiske språk.

Historie Skriftserien blei grunnlagd i 2014 som oppfølgjar til Kleine saamische Schriften, som vart publisert av Humboldt-universitetet i Berlin. Michael Rießler har også vore redaktør siden starten av den skriftserien.

Bidrag til finansiering av Samica sine einskilde utgåver vart gjort av m.a. Finska litteratursällskapet, Arjeplog kommune, det norske Sametinget og Norwegian Literature Abroad.

Oversyn over skriftene

Grüße aus Lappland / Nils-Aslak Valkeapää, oms. Johanna Domokos & Gruppe Bⁱ. - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2014. ISBN 978-3-9816835-0-9 Pitesamisk ordbok : Samt stavningsregler / Joshua Wilbur (red.) - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2014. ISBN 978-3-9816835-1-6 Skoltesamiske tekster fra Neiden (under utgjeving, 2019) Worte verschwinden / fliegen / zum blauen Licht : Samische Lyrik von Joik bis Rap / Johanna Domokos, Michael Rießler & Christine Schlosser (red.), oms. Christine Schlosser - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2019. ISBN 978-3-9816835-3-0 (Tittelen, fritt omsett: «ord forsvinner/ flyr/ til det blå lyset») Johan Turi : Ein Bühnenstück mit einem Joik von Áilloš / Harald Gaski & Gunnar H. Gjengset, oms. Tatjana Krzemien, Anna-Sophia Mäder & Michael Rießler - Freiburg : Skandinavisches Seminar der Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. 2019. ISBN 978-3-9816835-4-7

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Samica» frå , den 26. november 2019.

Kategori:Skipingar i 2014 Kategori:Samisk litteratur Kategori:Fleirspråklege verk Kategori:Samisk kultur Kategori:Samiske språk