To the Hilt er det ellevte studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, utgjeve i 1976.

Albumet ber større preg av progressiv rock enn dei tidlegare albuma deira og vert rekna som eit av dei meir ambisiøse og pretensiøse dei gav ut.

Allmusic skreiv: «Bandet set inn ei typisk energirik og torande framføring, men dei dugande musikarane kan ikkje sigre over det sjølvnytande preget som mykje av albumet har. Fleire songar manglar dei stramme arrangementa og dei brå, overraskande instrumentale tvistane som gjorde dei tidlegare, episke songane deira så interessante. Dei beste songane på albumet er dei korte.»

Innhald Alle songar er skrivne av Hay og Kooymans, utanom der andre er nemnde.

Medverkande George Kooymans - gitar, vokal Rinus Gerritsen - bass, klaverinstrument Barry Hay - fløyte, vokal Cesar Zuiderwijk - trommer Eelco Gelling - gitar Bertus Borgers - saksofon Robert Jan Stips - klaverinstrument

Andre medverkande Chris Mercer - saksofon, tenorsaksofon

Teknisk Produsent: Golden Earring Leiande produsent: Fred Haayen Lydteknikar: John Kriek Assisterande lydteknikar: Robert Ash Strykearrangement: Robert Jan Stips Konsept: George Hardie Fotografi: Richard Manning

Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1976Pop Albums156

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «To the Hilt» frå , den 27. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Golden Earring-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Polydor Records-album Kategori:MCA Records-album