Inside Out (norsk tittel: Innsiden ut) er ein amerikansk dataanimert filmkomedie frå 2015, produsert av Pixar Animation Studios og utgjeven av Walt Disney Pictures. Han vart regissert av Pete Docter i samarbeid med Ronnie del Carmen, med eit filmmanus skrive av Docter, Meg LeFauve og Josh Cooley, etter ei historie av Docter og del Carmen. Filmen går føre seg i hugen til den unge jenta Riley, der fem personleggjorde kjensler, Glede, Sorg, Frykt, Sinne og Mothug, prøver å leie henne gjennom livet medan ho og foreldra sine tilpassar seg nye omgjevnader etter å ha flytta frå Minnesota til San Francisco.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Filmkomediar Kategori:Filmar frå 2015 Kategori:Filmar frå USA Kategori:Pixar-filmar