Ottokar I () var konge av Böhmen frå 1198 til 1230. Han var son av Vladislav II av Böhmen og Judith av Thüringen. Ottokar var gift med Adelheid av Meissen og seinare med Constance av Ungarn. Han var mellom anna far til Dagmar, som var gift med kong Valdemar Sejr av Danmark, og den heilage Agnes av Böhmen.

miniatyr|venstre|Ottokar I til venstre, saman med den andre kona si Constance av Ungarn.

Etter langvarig tronfølgjestrid blei Ottokar hertug av Böhmen i 1197, medan broren hans Vladislav Henrik blei markgreve av Mähren. Allereie i 1198 hadde han kongstitel. Gjennom å slutta seg til keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket vann han i 1212 gjennom ein «gyllen bulle» regulering av Böhmen sitt tilhøve til keisarriket. Ottokar verka også for å auka innverknaden sin over dei böhmiske biskopane og for å sikra krona for ætten sin. Dei siste åra av livet hans blei motsetningar mellom det veksande Böhmen og Austerrike tydelege.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ottokar I av Böhmen» frå , den 18. desember 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regentar av Böhmen Kategori:Fødde på 1100-talet Kategori:Døde i 1230 Kategori:Huset Přemyslid Kategori:Folk frå 1100-talet Kategori:Folk frå 1200-talet Kategori:Folk frå Böhmen