Nikon Z7 er eit fullformat spegellaust systemkamera laga av Nikon. Det vart lansert 23. august 2018 i lag med Nikon Z6 og er det fyrste spegellause fullformatskameraet frå Nikon. Det er òg det fyrste kameraet med Nikon Z-objektivfatninga.
Kameraet har ei CMOS-biletbrikke med ei oppløysing på 45,7 megapikslar og kan ta opp video med 4K-oppløysing. Biletbrikka er stabilisert, som den fyrste i eit systemkamera frå Nikon.
Kjelder
Kategori:Nikon-kamera