{ "type": "FeatureCollection", "features": [

"type": "Feature", "properties": {}, "geometry": { "type": "Point", "coordinates": [ 28.735419642180208, 70.84359968292979 ]

] } Kvitnes er eit fråflytta fiskevær i Berlevåg kommune i Finnmark og er i dag eit hytteområde. Det ligg i Kvitnesbukta, kring 13 km i luftlinje frå Berlevåg sentrum.

I likskap med Gulgofjorden har ikkje staden vegsamband, men han er tilgjengeleg med båt. Det finst òg ein 6 km lang oppmerka tursti frå næraste bilveg til staden.

Historie På det meste husa fiskeværet 300 menneske og staden hadde før fiskebruk, butikkar og telegraf. Fiskeværet hadde permanent busetjing fram til sommaren 1957. I dag er det gjort om til eit hytteområde.

Referansar

Kategori:Tidlegare busetnader i Finnmark Kategori:Geografi i Berlevåg Kategori:Fiskevær i Finnmark