DS «Florentine» (kallesignal MKJP) var eit dampskip bygt i 1913 som lasteskip for Florentine Steamship Corp. i Manchester. Berre eitt år seinare kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) skipet og gav det namnet DS «Cometa». Skipet vart kjøpt samstundes med systerskipet DS «Estrella»
Historie Skipet vart bygt ved Clyde Shipbuildig Company i Glasgow i Skottland og levert i februar 1913. Berre eitt år seinare, i februar 1914, vart skipet kjøpt av BDS for 531 794 kroner. Skipet gjekk inn i Sør-Amerika-linja til BDS.
Skipet forliste 4. oktober 1920 på Destero Rock på reise Paranagua til Buenos Aires med stykkgods.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 762 brt, 914 nrt og lasteevna var 3 050 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 4 685 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Clyde SB&E. Oppgjeven yting var 217 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Glasgow Kategori:Skip frå 1913 Kategori:Forlis i 1920 Kategori:Forlis i Sør-Atlanteren Kategori:Forlis i Argentina