DS «Reichenbach» (kallesignal MKVH) var eit dampskip bygt i 1906 som lasteskip for Deutsch Australische DSGS i Hamburg i Tyskland.
Etter å ha blitt internert i Kristiansand i 1914 då den første verdskrigen braut ut, vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Meteor» i 1915. Året etter vart skipet skoten i senk av tyskarane.
Historie Skipet vart bygt ved Flensburger Schiffbau-Gesellschaft i Flensburg i Tyskland og vart levert i desember 1906 om linjeskip.
I august 1914 vart skipet internert i Kristiansand. I februar 1915 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab skipet for 790 000 kroner. Det var då det desidert største skipet BDS nokon gong hadde hatt i flåten og prisen var rekna som låg for eit så stort skip. Skipsverdiane var gått noko ned då første verdskrigen braut ut i 1914. Skipet var tiltenkt Sør-Amerikalinja til selskapet.
7. desember 1916 vart skipet skoten i senk av den tyske ubåten «UB-29», ført av obertleutnant zur See Erich Platsch, kring 40 kvartmil sørvest av Bishop Rock i Nord-Atlanteren (49.23 N, 07.54 W). Skipet var då på reise frå Philadelphia til London med stykkgods. Alle ombord vart redda.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 4 211 brt, 2 609 nrt og lasteevna var 7 025 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 11 242 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av FSBG. Oppgjeven yting var 2 200 iHk (indikerte hestekrefter) og 472 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11,25 knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Tyske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:Tyske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Flensburger Schiffbau-Gesellschaft Kategori:Skip frå 1906 Kategori:Krigsforlis i 1916 Kategori:Forlis i Atlanterhavet Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar i første verdskrigen