Ar-Rutbah (arabisk الرطبة), òg kalla Rutba, Rutbah, Rutbah Wells eller Ar-Rutba) er ein by i Irak vest i Al Anbar guvernement, heilt busett av sunnimuslimar. Innbyggjartalet er kring 22 000. Han ligg strategisk til langs vegen mellom Amman og Bagdad, og nær Mosul–Haifa-oljerøyrleidninga. Staden vert rekna som ein «våt stad» og har ein årsnedbør på 114,3 mm. Han er blitt skildra som den «den mest isolerte byen av ein viss storleik i Irak».
Ar-Rutbah voks fram som stoppestad for flygingane til Imperial Airways tidleg på 1900-talet og som vasstopp for Nairn Transport Company. I desember 1934 styrta det nederlandske flyet «Uiver» 16 km sør for Ar-Rutbah og alle ombord mista livet. Under den engelsk-irakiske krigen i 1941 var Ar-Rutbah åstad for eit slag mellom britiske styrkar og Den arabiske legionen og styrkar lojale til Rashid Ali al-Gaylani.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ar Rutbah» frå , den 4. januar 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Al Anbar guvernement Kategori:Distriktshovudstader i Irak