Hydrogenhalogenid (eller H-halogenid) er toatomige, uorganiske sambindingar med generell formel HX, der H er eit hydrogenatom og X er eit halogenatom. Desse halogenida er fargelause gassar som lett løyser seg i vatn og gir halogenhydrogensyrer (HX-syrer).
Hydrogenklorid løyst i vatn gir saltsyre, som er eit viktig delemne i magesaft. Hydrogenfluorid, hydrogenklorid og hydrogenbromid finst naturleg i vulkanske gassar.
{| class="wikitable" style="text-align: center" ! Hydrogenhalogenid || Summeformel || Strukturformel || HX-syre |- | Hydrogenfluorid || HF || H––F || Fluorhydrogensyre |- | Hydrogenklorid || HCl || H––Cl || Klorhydrogensyre |- | Hydrogenbromid || HBr || H––Br || Bromhydrogensyre |- | Hydrogenjodid || HI || H––I || Jodhydrogensyre |- | Hydrogenastatid || HAt || H––At || Astathydrogensyre
Sjå òg Hydrohalogeneringsreaksjon Underhalogensyrling
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hydrogen halide» frå , den 12. januar 2020.
Kategori:Ikkje-metalliske halogenid Halogenid
__NOTOC__