Hearts of Iron IV (forkorta HoI4) er eit dataspel laga av Paradox Interactive som vart utgjeve juni 2016 og er oppfølgjaren til Hearts of Iron III.

Spelet går ut på å styre ein nasjon gjennom andre verdskrigen. Spelet startar i 1936 og det er mogleg å spele som alle nasjonar tilgjengeleg på kartet. Som andre Paradox-spel, skjer spelet i samtid og nyttar pausar.

Innhald

Avansert diplomati Ha din eigen fraksjon Moglegheita å bruke stridsvogn, fly, skip og masseøydeleggingsvåpen Eit kart med vêr, årstider og ulike typar terreng Forsking

Sjølve spelet Spelet har to startdatoar - ein i 1936 og ein i 1939. Handlinga i spelet skjer på eit kart som er oppdelt i forskjellige statar. Desse statane har eit gjeve folketal, og ein kan innlemme ein del av desse i armeen, flyvåpenet og marinen deira. Økonomien i HoI4 består av to forskjellige typar fabrikkar, «civilian factories» og «military factories». Dei forskjellige fabrikkane har forskjellige funksjonar: Sivile fabrikkar bruker ein til å bygge andre bygningar som luftvern og festningar eller til å kjøpe ressursar frå andre land. Militære fabrikkar blir brukte til å lage ulike reiskap som skytevåpen eller artilleri.

Kvart land har eit idétre (såkalla «focus tree»), men berre nokre har eit unikt tre, dei fleste har eit generisk tre. Kvar idé tar, med nokre unntak, vanlegvis 70 dagar å fullføre og har eit x distinkt utfall.

Mottaking Hearts of iron 4 fekk gode kritikkar, med ein poengsum på 88 frå PC Gamer og 10/10 frå Gamer.no. IGN ga spelet 9/10 poeng.

Utvidingar

NamnUtgjevingsdatoSkildringTogheter for Victory15. desember 2016Together for Victory tek for seg det britiske imperiet. Utvidinga gjev Canada, Sør-Afrika, Britisk India, Australia og New Zealand eigne fokustre. Puppet-systemet har også blitt omarbeidd og det er mogleg å sende utstyr til andre nasjonar.Death or Dishonor14. juni 2017*Death and Dishonor fokuserer på Sentral-Europa. Tsjekkoslovakia, Romania, Ungarn og Jugoslavia får eigne idétre. Det har også blitt lagt til moglegheit for å konvertere gammalt utstyr til nytt utstyr.Waking the Tiger 8. mars 2018Waking the Tiger fokuserer på Kina og Japan. Utvidinga gir fokustre til Nasjonalist-Kina, Folkerepublikken Kina, Mandsjukuo og dei kinesiske krigsherrane. Japan og Tyskland får eit omarbeidd fokustre. Generalar og feltmarskalkar er også blitt omarbeidde.Man the Guns 28. februar 2019Man the Guns fokuserer på havet og marinen. Fokustree til Sambandsstatane og Storbritannia har blitt oppdatert og utvida og Nederland og Mexico har fått eigne fokustre. Marinen har blitt omarbeidd med ein båtdesigner og sjøminer er blitt lagde til. Stater som har kapitulert går i eksil til ein alliert nasjon når dei kapitulerer.La Resistance 25 februar 2020 La resistance er fokusert på spionasje og får namnet sitt frå den franske motstandsrørsla. Utvidinga legg til spionasje, og omarbeidd motstand. Frankrike har fått eit omarbeidt fokustre. Spania og Portugal har fått seg sitt eige fokustre.No step back UkjentNo Step Back fokuserar på austfronten. Utvidinga skal fokusere på krigføring på landlegger til fokustre for Estland, Latvia og Litauen får eigne fokustre og Sovjetunionen og Polen får eit omarbeidt fokustre.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisielt nettstad Hearts of Iron IV Wiki Det offisielle forumet for brukarar

Kategori:Storstrategispel Kategori:Strategidataspel Kategori:Windows-spel Kategori:Dataspel frå 2016