Polarium er eit hjernetrimspel utvikla av Mitchell Corporation. Det vart utgjeve av Nintendo til Nintendo DS i 2004 i Japan og i 2005 i Europa og Nord-Amerika. I spelet bruker spelaren ein penn til å teikne samanhengande linjer på trykkskjermen på DS-konsollen, for å snu om på svarte og kvite fliser på eit brett. Dersom spelaren klarer å lage horisontale rekker med berre svarte eller kvite fliser, blir dei fjerna frå brettet.

Spelet har ulike modusar. I modusen «Puzzle» har spelaren uavgrensa tid og skal fjerne fliser frå eitt brett ved å teikne ei samanhengande linje. I modusen «Challenge» fell fliser konstant ned frå toppen av skjermen. Spelaren skal her eliminere flisene ved å teikne linjer for å snu om på dei og danne horisontale rekker med same farge, før skjermen blir heilt fylt opp av fliser.

Ei Game Boy Advance-utgåve av spelet, titulert Polarium Advance, vart utgjeven i 2006 i Europa.

Kjelder

Kategori:Dataspel frå 2004 Kategori:Hjernetrimspel Kategori:Nintendo DS-spel