Parsifal, WWV 111, er ein tyskspråkleg opera i tre akter med tekst og musikk av Richard Wagner. Han er lausleg basert på Wolfram von Eschenbach sitt episke dikt Parzival frå 1200-talet, som handlar om kong Arthur sin riddar Parsival og hans leit etter den heilage gralen.
Wagner fekk ideen til verket i april 1857, men fullførte det ikkje før 25 år seinare. Det var hans siste fullførte opera, og under komposisjonen utnytta han den spesielle akustikken til festspelhuset i Bayreuth. Parsifal vart først framført under den andre Bayreuth-festivalen i 1882. Bayreuth-festivalen hadde monopol på produksjonar av verket fram til 1903, då operaen vart framført ved Metropolitan Opera i New York.
Wagner beskreiv ikkje Parsifal som ein opera, men som Ein Bühnenweihfestspiel («eit festspel for heilaggjering av scena»). I Bayreuth har det oppstått ein tradisjon at publikum ikkje applauderer på slutten av første akt.
Wagner sin stavemåte «Parsifal», i staden for «Parzival» som han hadde brukt fram til 1877, var informert av ein av teoriane om namnet Percival, om at det er av persisk opphav, Parsi (eller Parseh) Fal, som betyr 'den reine (eller arme) dåre'.
Roller mini|Emil Scaria i rolla som Gurnemanz i Bayreuth i 1882. +Roller, stemmeleie, rollebesetning ved premieren i 1882 og 1903 (Metropolitan Opera)RolleStemmeleieRollebesetning, 26. juli 1882 Dirigent: Hermann LeviRollebesetning, 24. desember 1903 Dirigent: Alfred HertzParsifaltenorHermann WinkelmannAlois BurgstallerKundrysopran eller mezzosopranAmalie MaternaMilka TerninaGurnemanz, ein gammal og erfaren gralsriddarbassEmil ScariaRobert BlassAmfortas, gralsrikets herskarbarytonTheodor ReichmannAnton van RooyKlingsor, ein trollmannbassbarytonKarl HillOtto GoritzTiturel, far til AmfortasbassAugust KindermannMarcel JournetTo gralsriddarartenor, bassAnton Fuchs Eugen StumpfJulius Bayer Adolph MühlmannFire væpnararsopran, alt, to tenorarHermine Galfy Mathilde Keil Max Mikorey Adolf von HübbenetKatherine Moran Paula Braendle Albert Reiss Willy HardenSeks blomsterpikertre sopranar, tre altar eller seks sopranarPauline Horson Johanna Meta Carrie Pringle Johanna André Hermine Galfy Luise BelceIsabelle Bouton Ernesta Delsarta Miss Förnsen Elsa Harris Lillian Heidelbach Marcia Van DresserStemme frå ovan, Eine StimmealtSophie DompierreLouise HomerGralsriddere, gutar, blomsterpiker (kor)
Orkestrering mini|Gralstempelet, scenedekorasjon av Paul von Joukowsky (1882) mini|"Verwandlungsmusik" frå akt 1 av Parsifal, Karl Muck, Orchester der Bayreuther Festspiele, 1927 Parsifal er komponert for følgjande instrument: 3 tverrfløyter, 3 oboar, engelsk horn, 3 klarinettar, bassklarinett, 3 fagottar, kontrafagott 4 valthorn, 3 trompetar, 3 trombonar, tuba 4 paukar, skarptromme 2 harpar
første- og andrefiolinar, bratsjar, celloar, kontrabassar
Sceneorkester:
4 kyrkjeklokker, 6 valthorn, 6 trompetar, 6 trombonar ei toremaskin blir nytta i den augneblinken Klingsors slott blir øydelagt
Handling Stad: Riket til gralen, hallen til gralstempelet og Klingsors rike, Nord-Spania
Tid: tidleg mellomalder
Innspelingar av Parsifal Parsifal vart uttrykkeleg komponert for scena i Bayreuth, og mange av dei mest berømte innspelingane av operaen kjem frå liveopptak av scena. Før LP-epoken dirigerte Karl Muck utdrag frå operaen i Bayreuth, som framleis blir rekna som nokre av dei beste framføringane av operaen på plate (dei inneheld òg det einaste lydbeviset av klokkene som vart konstruerte for premieren til verket, som seinare vart smelta av nazistane under andre verdskrigen). Hans Knappertsbusch var dirigenten som var nærast assosiert Parsifal i Bayreuth i etterkrigsåra, og framføringa under den musikalske leiinga hans i 1951 markerte gjenopninga av Bayreuth-festivalen etter andre verdskrigen. Desse historiske framføringane vart spelt inn i mono-lyd, opphavleg utgitt, men no ikkje lenger tilgjengeleg på Teldec-etiketten, og utgitt i 2003 på Naxos Historical. Knappertsbusch spelte inn operaen for Philips i 1962 i stereo, og denne utgivinga blir ofte verdsett som den klassiske Parsifal-innspelinga. Det er òg mange «uoffisielle» liveopptak frå Bayreuth, som fangar nesten alle Parsifal-rollebesetningar som nokon gong er dirigerte av Knappertsbusch.
Blant studioinnspelingane har dei av Georg Solti, Herbert von Karajan og Daniel Barenboim (dei to sistnemnde som begge dirigerer Berlinfilharmonien) fått gode meldingar. Von Karajan-innspelinga vart kåra til «årets plate» under Gramophone Awards 1981. Også høgt sett på er ei innspeling av Parsifal dirigert av Rafael Kubelík. Denne var opphavleg spelt inn for Deutsche Grammophon, men aldri utgitt, og er no tilgjengeleg på Arts Archives-etiketten.
Under sendinga av BBC Radio 3 CD Review - Building a Library den 14. desember 2013 undersøkte musikkritikaren David Nice innspelingar av Parsifal og anbefalte innspelinga frå 1980 av Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks, dirigert av Rafael Kubelik, som det beste tilgjengelege valet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Parsifal (opera)» frå , og «Parsifal» frå den 5. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
Fullt partitur for stemmene til Parsifal
Introduksjon til Parsifal hos BBC Radio 3, gjester diskuterer Wagners siste opera (engelsk) Wagner: Parsifal hos BBC Radio 3: CD Review: musikkritiker David Nice undersøker og anbefaler innspelingar av Parsifal (engelsk)
Monsalvat. Nettstad av Derrick Everett om Parsifal (engelsk) Engelsk og tysk libretto med merknadar frå Wagner IMSLP: Fullt partitur for Parsifal Meldingar av Parsifal-innspelingar af Parsifal av Geoffrey Riggs.
Litteratur
Lucy Beckett (1981) Richard Wagner: Parsifal. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0-521-29662-5. Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); Engelsk oversettelse: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2. Paul Dawson-Bowling (2013). The Wagner Experience and its meaning to us. Old Street Publishing ISBN 978-1-908-69943-5 John Deathridge (2008). Wagner: Beyond Good and Evil. Berkeley, California: University of California Press. ISBN 978-0-520-25453-4. Martin Geck (2013). Richard Wager - A Life in Music. The Univerdity of Chicago press ISBN 978-0-226-92462-5 Martin Gregor-Dellin (1983). Richard Wagner: his life, his work, his Century. William Collins. ISBN 0-00-216669-0. Bryan Magee (2001). Wagner and Philosophy. Penguin Books. ISBN 0-14-029519-4 Barry Millington (2006). The New Grove Guide to Wagner and his Operas. Oxford University Press ISBN 978-0-195-30588-3 Ernest Newman (1976). The Life of Richard Wagner. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 0-521-29149-6. Friedrich Nietzsche (1887). Moralens genealogi, overs. Arild Haaland. Gyldendal 1969. Roger Scruton (2020) Wagner's Parsifal: The Music of Redemtion. Allen Lane. ISBN 9780241419694
Kategori:Operaer frå 1800-talet Kategori:Tyskspråklege operaer Kategori:Operaer av Richard Wagner Kategori:Skipingar i 1882 Kategori:Musikk i 1882