Brain Salad Surgery er det fjerde studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut 19. november 1973 på deira eige selskap, Manticore Records, og distribuert av Atlantic Records.

Etter turneen for det førre albumet deira, Trilogy (1972), fekk gruppa øvingslokale for arbeide på nytt materiale, der dei skulle blande klassisk musikk og rock. For å få kontroll på sakene, starta dei opp sitt eige plateselskap, Manticore, i mars 1973. Albumet vart spelt inn frå juni til september i Olympic og Advision Studios, og miksa i oktober 1973 i AIR Studios i London. Som alle dei tidlegare albuma deira, vart albumet produsert av Greg Lake. Plateomslaget vart designa av H.R. Giger.

Plata fekk blanda kritikk då det kom ut, men har med tida blitt ett i eit meir positivt lys. Brain Salad Surgery selde godt og nådde andreplassen i Storbritannia og 11. plasseen i USA, og etter kvart selde det til gullplate i begge landa. For å marknadsføre albumet la trioen ut på den største verdsturneen deira til då, inkludert det største trekkplasteret på festivalen California Jam.

Albumet er blitt ommastra og miksa på ny og gjeve ut på ny fleire gonger, mellom anna ein ny stereomiks og 5.1-kringlydmiks av Jakko Jakszyk.

Bakgrunn Etter dei gav ut det tredje albumet, Trilogy, i juli 1972, turnerte gruppa i Europa og USA, og helt utselde konsertar. I starten av 1973 hadde Emerson, Lake & Palmer fått stort suksess i både Storbritannia og USA.

Gruppa hadde vore noko misnøgd med plateselskapet deira Atlantic Records og kor lite dei hadde involvert seg. Kring januar 1973 valde Keith Emerson, Greg Lake, Carl Palmer, og manageren deira Stewart Young å skipe sitt eige plateselskap. I lag kjøpte dei den nedlagde kinoen ABC i Fulham i West London og bygde det om til eit øvingslokale og kontor for selskapet, som seinare fekk namnet Manticore Records. Lake sa: «Me sette opp Manticore for å prøve å lage heile plateprosessen så bra som mogeleg. Me kjende òg til andre artistar som hadde problem med å gitt ut musikken sin og få plateavtale». Sidan gruppa visste at dei ikkje hadde nok tid til å drive selskapet vart marketingpersonen Mario Mediuos frå Atlantic, som hadde arbeidd med gruppa sidan debutalbumet, henta inn for å vere direktør i Manticore i april 1973. Atlantic tok seg av distribusjonen.

Produksjon Emerson, Lake & Palmer byrja å arbeide på nytt materiale i slutten av 1972. Som Lake forklarte i eit intervju, så vart det førre albumet deira, Trilogy, spelt inn med ein 24-sporsmaskin og hadde for mange ekstraspor som gjorde det særs vanskeleg å gjenskape skikkeleg på scenen. Så trioen var samde om å spele inn eit album dei kunne framføre på konsertane sine. Øvingslokale i den tidlegare kinoen gjorde at gruppa kunne spele live, så skrive, spele live igjen, skrive igjen osv. Dette førte til at bandet kjende det som om dei spelte føre eit publikum og gav tekstlinjer som «Welcome back, my friends, to the show that never ends...».

Skriving

Under skrivinga av albumet mot slutten av 1972 og i starten av 1973 tok dei første to spora form. Eit av dei var den første satsen i det som vart den dominerande komposisjonen på albumet, den episke «Karn Evil 9», og den andre var ei utgåve av fjerde satsen av Alberto Ginastera sin 1. Piano Concerto.

mini|venstre| Pete Sinfield var medforfattar av tekstane i lag med Greg Lake for «Karn Evil 9» og «Benny the Bouncer».

Med ei lengd på nesten 30 minuttar bestod «Karn Evil 9» av tre satsar (kalla «impressions»). På grunn av avgrensa tid, måtte den første satsen delast i to delar mellom side ein og to av vinylplata. På den originale CD-utgåva på Atlantic opprettheld denne delinga av suiten, medan seinare CD-utgåver har slått dei to spora saman til ein samanhengande versjon. All musikken til dette stykket vart komponert av Emerson og kan skildrast som ei futuristisk blanding av klassisk musikk og rock. Strukturmessig er den første og tredje satsen skild av ein lengre instrumental, trass i at heile komposisjonen i starten vart skriven som ein instrumental. All tekst i første satsen er skriven av Lake. Lake ønskte hjelp til å skrive tekst til tredje satsen og fekk med seg tekstforfattaren Pete Sinfield, som Lake hadde arbeidd med då han var i King Crimson. Sinfield hadde planlagt eit soloalbum og hadde spurt Lake om hjelp til å få det ut på Manticore. Lake gjekk med på å la plateselskapet støtte prosjektet til Sinfield og spurte i tillegg om han kunne hjelpe til med tekstane til det neste albumet deira. Sinfield sa: «Eg var halvvegs gjennom soloalbumet då Greg ringde meg og sa at Manticore ville gje det ut. Haken var at han ønskte at eg skulle skrive tekstar for eit langt stykke som hadde byrja å ta form». Hovudtemaet er eit slag mellom ein kunstig og ein naturleg intelligens, som endar med at menneske blir overteken av datamaskinen han har funne opp. Stykket hadde først fått tittelen «Ganton 9» av Emerson, etter ein oppdikta planet der all vondskap og dekadanse var blitt kasta bort. Men Sinfield meinte at musikken Emerson hadde skrive høyrdest ut som eit karneval, og kom opp med tittelen «Karn Evil 9».

Den mest gjenkjennelege delen av «Karn Evil 9» er den andre delen og inneheld den kjende linja «Welcome back, my friends, to the show that never ends...», som sidan vart tittelen på det andre konsertalbumet deira.

Emerson hadde tenkt på å spele inn ein versjon av den fjerde satsen («Toccata concertata») av Ginastera sin Første Pianokonsert heilt attende til 1971. Han hadde høyrt stykket første gongen då han spelte i The Nice og hadde «umiddelbart blitt slått av musikken». Emerson hadde ikkje vurdert høve til at Emerson, Lake & Palmer skulle spele stykket før Palmer føreslo å bruke ein trommesolo som kunne vere nøkkelpartiet i komposisjonen. Emerson spelte toccataen for Palmer, som likte det han høyrde. Heile gruppa øvde det så inn, sjølv om det var vanskeleg, sidan Lake ikkje kunne lese notar og Palmer ikkje klarte å omgjere eit noteark skrive for piano til trommer.

Både «Karn Evil 9: 1st Impression» og «Toccata» stod på setlista for ei rekkje konsertar i Europa frå slutten av mars 1973. På denne tida vart eit nytt, dels akustisk nummer, «Still....You Turn Me On», introdusert for publikum. Han var skriven av Lake og songen vart ofte rekna som ein naudsynt balanse til resten av albumet, som var dominert av aggressive komposisjonar. Det neste sporet meint for albumet var ein versjon av ein salme av Hubert Parry, «Jerusalem», med tekst frå «And did those feet in ancient time», eit kort dikt frå innleiinga til William Blake-diktet Milton. Det siste stykket som kom med på albumet var ein honky-tonk piano-basert song kalla «Benny the Bouncer», skriven av Emerson, med tekst av Lake og Sinfield.

Etter albumet var nesten ferdig innspelt, skreiv dei tre stykke til, som vart lagt på hylla ei stund. Desse var den instrumentale «When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine», skriven av heile gruppa, «Tiger in a Spotlight» og tittelsporet, som begge var skrivne av Emerson, med Lake og Sinfield på tekst. Brain Salad Surgery var det første albumet der Palmer ikkje stod oppført som komponist, men han har likevel omtalt albumet som favorittalbumet hans.

Innspeling Innspelinga av albumet byrja i juni 1973 i Olympic Studios i Barnes i London, med Lake som produsent, slik han hadde vore på dei førre albuma deira, og Chris Kimsey som lydteknikar. Deet einaste sporet dei fekk på lydband i Olympic var den førte satsen til «Karn Evil 9». Etter ein periode med meir komponering, fortsette arbeide med albumet i august i Advision Studios i Fitzrovia i London, med lydteknikaren Geoff Young. Den andre og tredje satsen til «Karn Evil 9» vart fullført i første halvdelen av den månaden. Dei forvrengde stemmene, inkludert datarøysta i tredje satsen, var røysta til Emerson, den einaste gongen han bidrog med vokal for trioen. For å få til datarøysta køyrde han røysta si gjennom ringmodulatoren til Moog-synthesizeren sin.

Sjølv om gruppa hadde framført eit arrangement av toccaten til Ginastera på den europeiske turneen sin i mars og april 1973, hadde dei skrive fleire instrumentalparti for den endelege versjonen som kom med på plata. Palmer hadde skrive ein perkusjonssats ved hjelp av åtte spesialutvikla trommesyntheszierar. Denne satsen med ein «atmosfærisk», elektronisk lyd vart sett inn i den midtre delen av «Toccata». Kort tid etter stykket spelt inn, i september, vart gruppa klar over at dei ikkje hadde rettane til å gje ut denne musikken. Emerson kontakta forlaget til Ginastera og fekk til svar at han ikkje tillet nokre versjonar av verka sine, men dei rådde dei til å ta det opp med han personleg. Emerson fauk derfor til Geneve for å snakke med Ginastera direkte. Då Ginastera fekk høyre det nye arrangementet gav han løyve til å bruke stykket hans. Emerson sa: «Han spelte innspelinga vår av 'Toccata' på ein kassettspelar. Etter eit par taktar stoppa han lydbandet og ropte 'Djevelsk!' Eg venta at han skulle kaste oss på dør. Han hadde lytta til lydbandet i mono og innspelinga vår var i stereo. Eg hoppa fram og slo over til stereo på maskinen og håpte at han ville lytte ein gong til. Det viste seg at han brydde seg ikkje om det i det heile tatt. Han lytta igjen og sa 'Forferdeleg!' som faktisk var eit kompliment. 'De har fanga essensen i musikken min som ingen andre før har gjort', sa den store maestroen.»

Dei neste songane som vart spelte inn i Advision var «Still....You Turn Me On» og «Jerusalem». Salmen er verdt å merke seg fordi det var første gongen det vart nytta ein polyfonisk synthesizer i historia, ein Moog Apollo, som var ein prototype for ein Polymoog. I lag med den monofoniske Lyra og Taurus bass-synthesizer, utgjorde dei Moog Polyphonic Ensemble, òg kjend som Constellation. Apollo-synthesizeren vart òg nytta av Emerson på «Benny the Bouncer», som var det siste sporet spelt inn for albumet.

Miksing Resultatet av den fire månader lage innspelinga vart miksa den første veka av oktober 1973 i AIR Studios i London. Den originale miksen vart avvist av Emerson, Lake & Palmer, så det meste av materialet vart miksa på nytt og dei vart nøgde. Dei første miksane av fleire av spora har sidan vore gjeve ut som bonusspor på nyutgjevingar av albumet.

Plateomslag

Manticore-direktøren Peter Zumsteg introduserte Emerson for popkunstnaren Hans Ruedi Giger, som budde i Zürich. I april 1973 heldt gruppa to konsertar der. Etter konserten vitja Zumsteg kunstnaren heime. På den tida var arbeidstittelen på albumet Medius-omgrepet Whip Some Skull on Ya. Tilfeldigvis hadde Giger nettopp skapt eit hovudskallebasert, tredelt altertavle kalla Work 216: Landscape XIX. Då han viste kunstverket for gjestene, meinte Emerson umiddelbart at det passa for plateomslag.

Sidan vart albumttitelen endra til Brain Salad Surgery, som har same tydinga som Whip Some Skull on Ya. Omgrepet var truleg henta frå songen «Right Place, Wrong Time» av Dr. John, som var ein hitsingel sommaren 1973 og som har tekstlinja «I been running trying to get hung up in my mind, got to give myself a little talking to this time, just need a little brain salad surgery, got to cure this insecurity».

Giger måla to ny stykke med om lag same storleik som eit plateomslag, kalla Work 217: ELP I og Work 218: ELP II. Det første måleriet vart nytta som framsida av plateomslaget.

Utgjeving Brain Salad Surgery kom ut i Storbritannia den 19. november 1973 av Manticore Records på vinyl, kassett og 8-spors lydband, distribuert av Atlantic Records. Albumet selde godt og nådde andreplassen på UK Albums Chart og låg der i 18 veker. Han vart stogga frå å nå toppen av Tales from Topographic Oceans av erkerrrivalen deira, Yes. Den 1. mars 1974 hadde albumet selt til gullplate i Storbriannia for 100 000 selde eksemplar.