Jan Hus () var ein bøhmisk religiøs tenkjar og reformator. Han sette igang ein religiøs bevegelse basert på John Wycliffe sine idear. Følgjarane hans heitte husittar. Hus er også viktig for utforminga av det tsjekkiske skriftspråket. Han fekk samla og gjeve ut ei tsjekkisk bibelomsetjing, skreiv ei ABC-bok for barn og andre tekstar, som De orthographia bohemica.

For dei reformatoriske tankane sine kom Hus i konflikt med kyrkja, og i november 1414 blei han fengsla. Han blei alvorleg sjuk. Trass i harde forhøyr ville han ikkje ta tilbake det han hadde sagt, og til slutt blei han dømd som kjettar og avretta ved brenning.

Kjelder

Kategori:Bøhmarar Kategori:Tsjekkiske teologar Kategori:Reformatorar Kategori:Husittiske teologar Kategori:Stiftarar av kristne trusretningar Kategori:Kristne martyrar Kategori:Folk avretta ved brenning Kategori:Folk frå Okres Prachatice Kategori:Tsjekkiske salmediktarar