mini|upright=1.7|Schröter og Goethe på scena som Iphigenie og Orest. Måleri av Georg Melchior Kraus (1737–1806). Corona Elisabeth Wilhelmine Schröter () var ein tysk komponist, sopransongar og skodespelar.

Liv og virke Corona Schröter var fødd i Guben i Markgrevskapet Niederlausitz. Far hennar var oboist i eit regimentorkester og gav borna sine grunnleggande musikkundervisning. Bror til Corona Johann Samuel (1752–1788) var pianist og komponist.

Familien flytta til Leipzig der Corona Schröter fekk songundervisning av Johann Adam Hiller. I Leipzig vart ho kjend med Johann Wolfgang von Goethe. Han vart inntatt i henne,Corona Schröter, perlentaucher.de. Omtale av Peter Braun: Corona Schröter – Goethes heimliche Liebe. Artemis & Winkler, Düsseldorf 2004, ISBN 3-538-07191-8. og etter at han flytta til Weimar, hjelpte han henne til post som hoffvokalist og kammersongar byen. I Weimar gjekk ho òg på den Goethe-støtta teikneskulen Fürstliche freie Zeichenschule. Corona Schröter var gåverik på mange område, også som skodespelar, og ho vart midtpunkt i Goethes Liebhabertheater der ho mellom anna var den første som gestalta Iphigenie i dramaet Iphigenie auf Tauris (1789).

Schröter tonesette Goethes syngespel Die Fischerin og spelte hovudrolla under uroppføringa i Tiefurt 1782.Gabriele Busch-Salmen: Die Fischerin. I Gabriele Busch-Salmen, B. Jeßing (red.): Goethe Handbuch. J.B. Metzler, Stuttgart 2008, ISBN 978-3-476-01846-5, s. 293–315 (doi:10.1007/978-3-476-00032-3 20). Ho var den første som tonesette Goethes Erlkönig (1782). I 1786 gav ho ut ei samling på 25 lieder.

Frå 1788 trekte Schröter seg gradvis vekk frå hofflivet og i 1801 flytta ho og den mangeårige venninna Wilhelmine Probst til Ilmenau i Hertugdømet Sachsen-Weimar-Eisenach i dagens Thüringen. Eit år seinare døydde Schröter der av tuberkulose.

Kjelder Marion Brück: Schröter, Corona Elisabeth Wilhelmine. I Neue Deutsche Biographie. Bind 23, Duncker & Humblot, Berlin 2007, ISBN 978-3-428-11204-3, s. 585 f.

Biografi, litteratur og kjeldemateriale om Corona Schröter, fembio.org, Institut für Frauen-Biographieforschung

Referansar

Bakgrunnsstoff

Om Goethes Iphigenie og Corona Schröter, odysseetheater.com

Kategori:Tyske komponistar Kategori:Komponistar frå 1700-talet Kategori:Kvinner på 1700-talet Kategori:Kvinner på 1800-talet