Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Ravn Studio og utgjeve av Pan Vision til Nintendo DS i 2010. Spelet hentar fleire element, mellom anna oppbygnad og minispel, frå PC-spelet med same namn frå 2000 og tilpassar dei til Nintendo DS-formatet. Det inneheld mellom anna åtte minispel og 42 puslespel.

Flåklypa Grand Prix for Nintendo DS fekk positiv mottaking i pressa og toppa VG-lista over mestseljande dataspel i Noreg i lanseringsveka. Leverandørar bestilte over 30 000 kopiar av spelet før utgjevinga i mai 2010. Det har sidan utgjevinga omsett for over ti millionar kroner.

Kjelder

Kategori:Dataspel frå 2010 Kategori:Eventyrspel Kategori:Nintendo DS-spel Kategori:Norske dataspel