Stereotomy er det niande studioalbumet av The Alan Parsons Project, gjeve ut i 1985.
Det selde ikkje så godt som føregangaren Vulture Culture, og er strukturert annleis enn tidlegare Project-album med tre lange spor («Stereotomy» er over sju minutt, «Light of the World» over seks og den instrumentalen «Where's the Walrus?» er sju og eit halvt) og to minutt-lange songar til slutt. Albumet vart laga heilt digitalt og både LP- og CD-utgåvene vart koda med tokanals Ambisonic UHJ-format.
Den originale vinylutgåva var annleis frå alle seinare nyutgjevingar. Det hadde eit noko meir utførleg plateomslag, der papiromslaget kom med eit spesielt fargefilter kring seg. Dette filtrerte somme av fargane på omslaget, slik at ein fekk fire forskjellige variantar (to per side). Dette var meint å symbolisere visuell stereotomi. På nyutgjevingar var det berre ein variant. Plateomslaget gjorde at plata vart nominert til Grammyprisen for beste plateomslag.
Ordet «stereotomy» er teken frå «The Murders in the Rue Morgue» av Edgar Allan Poe. Det refererer til å kutte eksisterande faste former i forskjellige andre former. Det vert nytta som ein metafor for måten kjende folk (songarar, skodespelarar osv.) ofte vert 'forma' av krava kjendistilværet fører med seg.
Stereotomy vart òg Grammynominert i 1987 forr beste rockeinstruental med «Where's the Walrus?»
Stereotomy er siste albumet til Alan Parsons Project med David Paton på bass. Han vart medlem av turnébandet til Elton John.
Innhald Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.
Medverkande Eric Woolfson – piano, klaverinstrument, vokal Alan Parsons – ekstra klaverinstrument, produsent Ian Bairnson – gitar David Paton – bass Stuart Elliott – trommer and perkusjon Richard Cottle – synth og saksofon The Philharmonia Orchestra, leiar – Christoffer Warren-Green Orkester arrangert og dirigert av Andrew Powell Vokal: John Miles, Chris Rainbow, Gary Brooker, Graham Dye, Steven Dye, Eric Woolfson
Salslister Album ÅrListePlassering1985The Billboard 200431986Canada321986Spain (AFYVE)5
Singlar TittelListe (1985)Plassering«Stereotomy»Billboard Hot 10082US Mainstream Rock Tracks5
I populærkulturen Ein kan sjå eit eksemplar av Stereotomy i eit særs kort glimt i filmen The Big Lebowski då Maude ber The Dude sjå gjennom platene hennar.
«Limelight» vart nytta av NBC Sports for ein musikkvideo i 1986 med New York Mets då dei hadde slått Boston Red Sox og vart meistrar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stereotomy» frå , den 4. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Alan Parsons Project-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Album produserte av Alan Parsons Kategori:Arista Records-album