Ilja Vladimirovitsj Bjakin () er ein tidlegare sovjet-russisk ishockeyspelar frå Sverdlovsk. Han vann OL-gull med Sovjetunionen i 1988 og vart i perioden 1989-93 trefaldig verdsmeister for Sovjetunionen og så Russland.
Fosvarsspelaren Bjakin var i tida 1980-2004 aktiv i ein liten haug med ishockey-klubbar i heimlandet og utanlands, men lukkast aldri vinne nokon nasjonal pokal. Lengst tenestetid hadde han for Avtomobilist Sverdslovsk, Spartak Moskva, Lada Togliatti og CSKA Moskva i Russland, og for svenske Malmö IF. I tilleg var han innom klubbar i Sveits, Tyskland, Canada, USA og til sist Kviterussland.
Bjakin meisterskapsdebuterte med å verte olympisk meister i Calgary i 1988. Sidan deltok han i samtlege verdsmeisterskap i åra 1989-94. Han vann VM-gull i 1989 og 1990 med Sovjetunionen, bronse med same i 1991, og gull med Russland i 1993.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ilja Wladimirowitsch Bjakin» frå , den 7. april 2020.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Jekaterinburg