Curved Air er ei engelsk progressiv rockegruppe skipa i 1970 av musikarar frå ein blanda bagrunn, inkludert klassisk musikk, visesong og elektronisk musikk. Resultatet var ei blanding av progressiv rock, folkrock og fusion med klassiske element. I lag med High Tide og East of Eden, var Curved Air blant dei første rockebanda etter It's a Beautiful Day, The Flock og the United States of America som brukte fiolin.Thompson, Dave. [ Allmusic] Curved Air Biography. Curved Air gav ut åtte studioalbum, der dei tre første nådde topp 20 i Storbritannia. Dei fekk ein hitsingel med «Back Street Luv» (1971), som nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart.
Bandhistorie
Sisyphus Gruppa utvikla seg frå bandet Sisyphus,C.Keyes personal communication som spelte ein av sine tidlege konsertar i ballsalen på Leith Hill Place i Surrey for eit maskeradeball.Brennan, Mark (1995). «Curved Air». In Midnight Wire [CD booklet]. Repertoire Records. Bandet vart skipa avDarryl Way (som studerte fiolin på Dartington College og Royal College of Music) og Francis Monkman som studerte ved Royal Academy of Music. Då han gjekk og kikka i ein musikkforretning, vart Monkmann interessert av lyden Way laga då han samstundes testa ein forsterka fiolin, og dei to kom i snakk. Dei oppdaga at dei hadde mykje til felles og i 1969 inviterte dei pianisten Nick Simon, som i lag med bassisten Rob Martin og trommeslagaren Florian Pilkington-Miksa fullførte besetninga i Sisyphus. Monkman sa seinare: «Darryl og Nick likte godt Spirit. Ein kan seie at dei var ei inspirasjonskjelde for Curved Air». Mange av dei tidlege Curved Air-songane var skrivne for Sisyphus, som «Young Mother in Style» og «Screw».
Sisyphus fekk hyre som akkompagnement for det nye skodespelet til Galt McDermott, Who the Murderer Was, ved Mercury Theatre i Notting Hill Gate, der dei sat i orkestergrava. Mark Hanau, som var aspirerande bandmanager på den tida, såg showet og ønskte å bli manager for Sisyphus. Han meinte at Sonja Kristina, ein lovande visesongar han hadde sett på scenen i London i musikalen Hair, var den manglande ingrediensen i gruppa. Den 1. januar 1970 kontakta Hanu ho gjennom songaren og impresarioen Roy Guest. Ho lytta til ein kassett med musikken til bandet og vart imponert. Med Kristina i bandet og Nick Simon på veg ut, vart Sisyphus omvandla til Curved Air, kalla opp etter albumet A Rainbow in Curved Air av den samtidige komponisten Terry Riley. Namnet indikerte at Monkman, som hadde spelt på den første framføringa i London av In C, var ein stor fan av Riley. Den nye stilen til bandet kom raskt til syne og det fem mann store Curved Air var i gang med Sonja Kristina som både frontkvinne og sexsymbol.
Frå starten til slutten Etter ei rekkje intense øvingar i heimen til Martin i Gloucestershire, drog bandet ut på ein turné i Storbritannia, som vart godt motteken. På eit tidspunkt var det oppvarmingsband for Black Sabbath. Bandet turnerte med sin eigen lydteknikar, Shaun Davies (seinare produsent for bandet til Way etter Curved Air band, Wolf), som gjorde at dei fekk ein betre lydmiks på scenen enn andre grupper, med uvanlege kombinasjonar av instrument. Faren til Shaun, Guy Davis, laga pleksiglasfiolinane som Way, og seinare Jobson, brukte.Welch, Chris (April 2011). «Curved Air – Airconditioning». In Airconditioning [CD booklet]. London: Blue Mountain Music. Plateselskapa kjempa om å få Curved Air i stallen sin, og sommaren 1970 fekk Curved Air kontrakt med Warner Bros., og vart det første britiske bandet i stallen deira. Bandet fekk eit mykje omtalt forskot på 100 000 pund og debutalbumet deira Air Conditioning kom ut i november. Dette vart den første kommersielt tilgjengelege biletplata som vart gjeven ut som LP i Storbritannia. Albumet nådde åttandeplassen på UK Albums Chart, og singelen «It Happened Today» kom ut før albumet. John Peel plukka opp bandet og dei spelte fleire gonger på radioprogrammet til Peel og «Implosion»-hendingar på Roundhouse.
Bassisten Rob Martin slutta på grunn av ei skade i handa og vart erstatta av Ian Eyre. Bandet gav ut «Back Street Luv», som nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart og vart den mest suksessrike singelen til bandet til då. Second Album nådde 11. plassen på albumlista. Ein singel som ikkje var på noko album, «Sarah's Concern», selde heller dårleg.
Bandet drog på tre turnear i USA og bygde ein trufast tilhengjarskare der. I løpet av dei stadige turneane vart trommeslagaren Pilkington-Miksa sjuk, og seint i 1971 og fleire månader framover vart han erstatta av Barry de Souza (Lou Reed, Jeff Beck, Kate Bush), som bandet kjende frå før. Det var DeSouza som spelte med Curved Air i 1971 på det tyske fjernsynsshowet Beat Club, der dei framførte «Back Street Luv». Seint i 1971 vart Sonja Kristina med Faces, Soft Machine, Marc Bolan og David Bedford for eit juleshow på BBC Radio.
7. mai 1971 var Curved Air oppvarming for B.B. King og Johnny Winter på ein konsert i New Orleans.
Då det tredje albumet skulle lagast vart det store musikalske usemjer i bandet. I følgje eit intervju Sonja Kristina gjorde med Cherry Red i 2007 var Monkman fascinert av overtonar og naturlege harmoniar, og «den andre lidenskapen hans var og er jamming... verkeleg 'lang der ute', kosmisk rockejamming. Og det er ikkje Darryl i det heile... Han er ein særs disiplinert perkusjonist og likar at ting er presist og så utsøkt som mogeleg. Medan Francis er heilt den andre vegen. Han vil berre spele og ting berre kjem ut av kosmos». Monkman forklarte «I røynda respekterer Darryl og eg kvarandre, men me er ikkje samde om det meste. Og me fekk det aldri heilt til å skrive songar i lag. Eg ønskte å få mitt første ‘episke’ verk saman, så ein splid oppstod mellom oss då me spelte inn Second Album. Faktisk var senteret aldri heilt solid etter Rob slutta».
Denne delinga gjekk att i arrangementa av songar på Second Album og Phantasmagoria. Side A på begge albuma bestod av musikk komponert av Darryl Way, medan side B bestod av komposisjonar laga av Monkman, utan at dei to samarbeidde noko særleg. Medan bandet var i studio hamna dei i pengetrøbbel. Monkman sa seinare «Eg hugsa augneblinken då Clifford Davis, manageren vår etter Mark Hanau, fortalte kva me måtte gjere for å gå i null. Me kjende oss utbrende.» Mot slutten av 1972 var Monkman i følgje seg sjølv eit «nervevrak» og på randa av eit fysisk og psykisk samanbrot. Han måtte gå med øyrepluggar på London Underground og gjekk til naturopat tre gonger i veka.
Phantasmagoria vart spelt inn med bassisten og gitaristen Mike Wedgwood, som erstatta Eyre. Albumtittelen kom frå Lewis Carroll-diktet med same tittel. Albumet kom ut i april 1972 og nådde tjuandeplassen i Storbritannia.
Curved Air vart oppløyst og Way skipa Darryl Way's Wolf, Pilkington-Miksa vart med i bandet til Kiki Dee og Monkman vart studiomusikar og spelte mellom anna seinare i supergruppa Sky.
Det nye Curved Air Sonja Kristina og Mike Wedgwood hadde hatt eit godt arbeidsforhold og skipa eit nytt band med Kirby Gregory (elektrisk gitar), Eddie Jobson (klaverinstrument, fiolin) og Jim Russell (trommer). Jobson hadde kome frå eit band kalla Fat Grapple, som hadde vore eit av oppvarmingsbanda til Curved Air. Dei nye musikarane førte med seg ein meir direkte rockeenergi og med det unge vedunderbarnet Eddie Jobson, som var inspirert av Curved Air, heldt dei på ein stil med klassisk blanding. Etter forslag frå manageren Clifford Davis, heldt dei fram å bruke namnet Curved Air etter å ha fått godkjenning og støtte frå bandmedlemmane som hadde slutta.
Kristina sa seinare: «Det eg ønskte å gjere med bandet på den tida var å få meir rock inn i biletet, og gitarspelinga til Kirby engasjerte meg verkeleg – han var verkeleg vill. Og Jim var på same måten, ein særs solid rocketrommis. Mike og eg hadde veldig lyst å halde fram, og det var manageren vår Clifford Davis som sa at det var betre for forretningane om me fortsette å kalle bandet Curved Air. Så me heldt namnet og følgde det same mønsteret som før, som eit låtskrivarband. Alle i det nye bandet bidrog med materiale utanom Jim Russell, som eigentleg ikkje var låtskrivar. Før det hadde me hovudsakleg berre Darryl og Francis, meg eg hadde òg fått nokre av mine eigne songar inn.» Der dei tre første albuma til Curved Air alle hadde gått inn på topp 20 i Storbritannia, selde det nye albumet deira, Air Cut, for dårleg til å kome inn på lista.
Ikkje lenge etter at det kom ut, vart Eddie Jobson spurt om å erstatte Brian Eno i Roxy Music,Wynne, Richard. (1998) Mike Wedgwood interview , curvedair.com. så Kirby Gregory og Jim Russell slutta alle i gruppa for å skipe Stretch. Sonja Kristina spelte inn eit demolydband for Warner Brothers, men dei avslutta kontrakten. Desse demoane vart sidan gjevne ut som ein del av Lovechild. Mike Wedgwood vart med i Caravan.
Sameining I 1974 saksøkte Chrysalis bandet. «Me hadde brote kontrakten deira etter råd frå Clifford Davis, som sa me kunne bevis at dei ikkje hadde handla i vår interesse, men på den tida var han ikkje lenger manageren vår!» forklarte Monkman. For å betale ei enorm meirverdiavgiftSutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. . s. 15–16. kom delar av gruppa saman att i september 1974 (Kristina, Way, Monkman og Pilkington-Miksa) for ein tre veker lang turné i Storbritannia, sett saman av manageren til Darryl Way, Miles Copeland III. Dette forstyrra det nye bandet til Way, Stark Naked and the Car Thieves, og sidan Curved Air trengde ein bassist, tok Way med seg bassisten i det nye bandet sitt, Phil Kohn.
På denne turneen spelte Sonja Kristina ut rolla som sexsymbol i Curved Air på langt meir dramatisk vis enn tidlegare. I tida mellom bandet var oppløyst og den nye turneen hadde ho arbeidd som croupier på Playboy Club i London og kom attende på scenen med Curved Air kledd i gjennomsiktige blonder, fjør og perler.
Eit konsertalbum og ein singel vart spelte inn under dei tre vekene turneen varte, og dei klarte å betale skatterekninga. Etter gjelda var bestalt, såg ikkje Monkman og Pilkington-Miksa noko grunn til å bli verande i bandet, så Curved Air vart oppløyst ein tredje gang på like mange år.
Stark Naked, the Car Thieves og Curved Air Darryl Way ønskte å halde fram Curved Air med Sonja Kristina. Way henta inn to medlemmar til frå «Car Thieves», gitaristen Mick Jacques og trommeslagaren Stewart Copeland. No kom fleire medlemmar frå denne besetninga frå Stark Naked and the Car Thieves enn Curved Air . Med Darryl Way i styringa, drog dette nye bandet ofte i den same klassiske og folkemusikkbaserte retninga som originalbandet hadde gjort og spelte no klassiske Curved Air-songar på konsertane sine. Men kjernen i stilen stod i pop, rhythm and blues og hardrock. Miles Copeland III, som framleis tente som manager for gruppa, sette dei på sitt eige selskap, BTM.Sutcliffe, Phil (1993). «Stewart Copeland: A Population Statistic». In Message in a Box: The Complete Recordings (s. 10–12) [Boxed set booklet]. A&M Records Ltd.
Bandet drog i gang ein europeisk turné, som starta dårleg. Way, som var ein notorisk perfeksjonist,Welch, Chris (1973). In Canis Lupis [sleeve notes]. vart utolmodig med bandkollegaene sine, særleg den unge trommeslagaren Copeland. Så på eit eller anna tidspunkt berre fall brikkene på plass for bandet, og dei vart raskt populære og eit ettertrakta konsertband.
Studioarbeidet deira var derimot ei anna soge. Phil Kohn slutta og bandet klarte ikkje å erstatte han i tide for innspelinga for Midnight Wire, og måtte bruke gjestemusikarar til å spele både bass (John G. Perry) og klaverinstrument (Peter Wood). Norma Tager, ein ven av Kristina, skreiv tekstar til songane. Kohn vart seinare erstatta av Tony Reeves, tidlegare i Colosseum og Greenslade, men innspelingane for både Midnight Wire og Airborne i 1976 var dyre og særs stressande for alle involverte. Ingen av albuma - i tillegg til «Desiree», ein singel frå Airborne – klarte å nå listene.