Airborne er det sjette studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Curved Air, gjeve ut i 1976. Som dei siste par utgjevingane deira selde ikkje dette albumet særleg godt. Dei gav ut ein singel som ikkje var med på plata, «Baby Please Don't Go» med «Broken Lady», kort tid etter før gruppa vart oppløyst. Trommeslagaren Stewart Copeland skipa så The Police, medan fiolinisten Darryl Way og songaren Sonja Kristina begge starta solokarrierer. Bassisten Tony Reeves og gitaristen Mick Jacques vart begge seinare medlemmar av det halvprofesjonelle bandet Big Chief.
The Police spelte «Kids to Blame» tidleg i karrieren sin, i ein punk-aktig versjon. Stewart Copeland brukte òg om att eit gitarriff frå «Desiree» på solosingelen sin «Don't Care» som han gav ut under namnet Klark Kent.
Bakgrunn og innspeling Albumet var første gongen Stewart Copeland var låtskrivar. Kring utgjevinga av Midnight Wire lærte han om honorara låtskrivarar fekk, og svarte med å kverne ut songar fram til bandet aksepterte nokre av bidraga hans.Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. . p. 16.
Produsenten Dennis McKay slutta i prosjektet halvvegs gjennom innspelinga, og let bandet produserte dei siste fire songane sjølve.
Mottaking
Allmusic skildra Airborne som eit oversedd album og «ei sterk oppsummering av alt som gjorde gruppa så viktig til å byrje med.» Dei meinte albumet var svakare enn dei først tre, og at det dreiv mot meir generisk 70-talsrock, men meinte òg at «Desiree» og «Heaven (Never Seemed So Far Away)» var like bra som dei beste utgjevingane deira.
Innhald
Medverkande Curved Air Sonja Kristina – vokal Darryl Way – fiolin, klaverinstrument Tony Reeves – bass, klaverinstrument, kontrabass på «Broken Lady» Stewart Copeland – trommer Mick Jacques – gitar
Gjestemusikarar Robin Lumley – piano på «Broken Lady» Alan Skidmore – saksofon på «Hot & Bothered» Henry Lowther – trompet på «Hot & Bothered» Frank Ricotti – congatrommer Jack Emblow – trekkspel på «Broken Lady» Bob Sargeant – orgel på «Desiree» og «Kids to Blame»
Teknisk Spor 3-5, 7 og 8 produserte av Dennis McKay Spor 1, 2, 6 og 9 produserte av Curved Air Spor 10 produsert av Tony Reeves
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Airborne (Curved Air album)» frå , den 10. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Curved Air-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Album spelte inn i Trident Studios