Babe Ruth er det tredje studioalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth, gjeve ut i 1975 på Harvest Records i Storbritannia og Capitol Records i USA. Albumet nådde 75. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.

På dette albuemt går dei meir bort frå den progressive rockestilen frå dei tidlegare platene sine og legg til litt soul, visesong og filmmusikk. Dei inkluderte tre coverversjonar på albumet, Curtis Mayfield sin «We People Darker Than Blue», Ennio Morricone sin «A Fistful of Dollars» og «Private Number» av Judy Clay og William Bell.

Allmusic gav berre albumet to av fem stjerner, men skreiv at «ingenting her ristar jorda eller er nytt, men Babe Ruth er dugandes nok til å alltid levere frå seg eit bra produkt.»

Plateomslaget vart laga av Paul May.

Innhald

Medverkande Babe Ruth Janita Haan - vokal, bjøller Alan Shacklock - gitar, Mellotron, Moog, perkusjon, vibrafon, vokal Steve Gurl - klaverinstrument, Moog, flygel Dave Hewitt - bass, fuzzbass Ed Spevock - trommer, perkusjon

Gjestemusikar Angelito Perez - conga (3,7)

Kjelder

Kategori:Babe Ruth-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Harvest Records-album