mini|Steinfjell (til høgre) med sametingspresident Aili Keskitalo og riksarkivar Inga Bolstad i samband med overføringa av Lappekodisillen til Samisk arkiv i oktober 2021. Inga Márjá Steinfjell () er ein norsk samisk journalist og medievitar.

Steinfjell voks opp i Kautokeino, men familien har bakgrunn frå Namsskogan i Trøndelag. Ho snakkar nordsamisk og sørsamisk flytande.

Steinfjell har verka som som produsent og programleiar for program om samiske tilhøve for Sveriges Radio. Ho har også laga talkshowet Steinfjell & Steinfjell, send på svensk P2, Sameradion og NRK Sámi Radio, i lag med systera Máret Steinfjell. I 2016 vann dei den nordiske språkprisen Gollegiella for showet, som ifølgje utdelarane «på kort tid er blitt en liten språkrevolusjon og en viktig del av språkrevitaliseringen i det sørsamiske området.»

Steinfjell har også arbeidd på Samiskt språkcentrum ved Det svenske sametinget. I 2019 vart ho leiar for Samisk arkiv i Kautokeino.

Kjelder

Bakgrunnsstoff På andres premisser : Taus, usynlig eller i konfrontasjon : En analyse av sørsamisk offentlig samtale. Masteroppgåva til Inga Márjá Steinfjell.

Kategori:Samiske journalistar Kategori:Sørsamisk språk